annonse

Leif Ove Andsnes skal spela med Fossegrimen

UGLØYMELEG
UGLØYMELEG: Det er fem år sidan Leif Ove Andsnes gav konsert på utescena i Kvemmadokkje. Ei ugløymeleg oppleving for dei som var der i den fantastiske sommarkvelden. (Foto: Nils Kvamsdal)

Endeleg kjem Leif Ove Andsnes til Voss! På sjølvaste jonsokaftan 2018.

Nils Kvamsdal

– Kontrakten er underskriven og alt er på plass!

Fossegrimen-leiar Peder Ringdal er stålande nøgd med at det endeleg har lukkast å få vår klassiske verdsstjerne til Voss. Sjølv om et der over eitt år til, er det berre å gle seg.

Mozart

Andsnes sin festkonsert toppar jubileumsprogrammet i Orkesteret Fossegrimen si hundreårsfeiring. Sjølve jubileumskonserten kjem i mars 2018, og konserten med Andsnes markerer slutten på 100-årsfeiringa.

Alt no er det klart at Andsnes skal spela Mozart sin pianokonsert nr 21 i C-dur (KV 467), skriven i løpet av fire vårveker i 1785 og med tilnamnet Elvira Madigan. Konserten i tre satsar er kanskje noko av det vakraste ein 19-åring nokon sinne har skrive.

Kva Fossegrimen skal ha på programmet elles er ikkje klart, men Ringdal seier det vert musikk som står i stil med Mozart sin pianokonsert.

Til Balestrand

A få tak i ei så travel internasjonal stjerne som Leif Ove Andsnes er stort, og Fossegrimen hadde i utgangspunktet ikkje tenkt lenger enn til denne eine konserten, 23. juni 2018. Men så kom førespurnaden frå Andsnes om ikkje Fossegrimen ville ha ein konsert til.

Sjølvsagt ville dei det. Dermed må musikarane i vårt lokale symfoniorkester pakka sakene sine straks konserten i Gamlekinoen er over på laurdagskvelden, og sundag morgon set dei kursen mot nord.

– Det vert konsert på Kviknes Hotel sundagen.

Sist orkesteret spelte på Kviknes var konserten med Halldor Krogh sin rekonstruksjon av filmmusikken til Brudeferden i Hardanger.

Klikk for å se kommentarer ()