annonse

Makelause Andersen

STRÅLANDE
STRÅLANDE: Arild Andersen Quartet, med Marius Neset på saksofon lyfta opningskonserten til dei store høgder. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)
INTENST OG MAGISK
INTENST OG MAGISK: Mørkt og intimt i salen, men dei fire på scena lyste opp Vossa Jazz nr. 45. Frå venstre er Helge Lien, Marius Neset, Arild Andersen og Gard Nilssen. (Foto: Jon Hunnålvatn Tøn)

Det kan skuldast alderen, men underteikna slit med å hugsa ein betre opningskonsert. Snakk om å setja standarden!

Nils Kvamsdal

Rett skal vera rett. Det var Jan Erik Vold som sette standarden med si opning. Men når du på veg ut frå opningskonserten, høyrer folk som sukkar og lurer på om dei orkar meir – med ein salig glis rundt munnen – forstår du at dette var ein sentrumsstiar.

For ein trio! Og for ein kvartett! Og «ikke bare det!», som sleipe handlesenter-seljarar brukar å seia: lat oss leggja til: For nokre duoar! Og for nokre solistar!

Superstjerne

Det er ikkje vanskeleg å skjøna kva Arild Andersen meiner når han seier han måtte kapra saksofongeniet Marius Neset før han vert superstjerne. Men Neset er alt ei superstjerne, lukkelegvis vår superstjerne. Men så er vel ikkje Arild Andersen – denne gudfaren i norsk jazz – noko mindre superstjerne.

Der han trygg og godsleg, lunt smilande og med full kontroll, losar bandet gjennom dei nydelegaste balladar og dei villaste orkanar. Han gjer det med eit basspel som knapt nokon gjer han etter – kvar du enn leitar. Det er nok ikkje alle japanar som heilt veit kva som treffer dei når dei viser fram billetten i døra på Blue Note Jazz Club i Tokyo om ei lita veke. Vel er Makoto Ozone deira superstjerne, men trioen med Arild Andersen i spissen kjem til å leggja den japanske hovudstaden for sine føter.

Og når ein fyrst er inne på musikarar det knapt går ein på dusinet av: Helge Lien og Gard Nilssen på høvesvis tangentar og slagverk er så inn i hampen dyktige at det ikkje er rart meister Arild sjølv ser ut som ein tjueåring der han står og kosar seg.

Sju av åtte

Sju av dei åtte låtane på konserten er signert Arild Andersen. Den siste – og den tredje ut på konserten – er Pat Metheny sin nydelege ballade This Belongs to You. Men han er ikkje åleine om å kunna skriva nydelege balladar. Både opningsnummeret Rose Window og The Day gjev Metheny sterk konkurranse om kveldens ballade. Ikkje berre er melodiane vakre, men arrangementa og orkestreringa er så nydeleg gjort at ståpelsen melder seg titt og trutt.

Det vakre sitt problem er at når det vert for mykje av det gode, greier du ikkje å absorbera meir. Det løyste Andersen & Co på elegant vis. Ikkje ved at musikken i og for seg vart mindre vakker, men ved å vekkja folk opp frå nirvana med rivande saks-soloar, rykande klaverpassasjar og trommekor som kravde lynreparasjon av eine cymbalstativet. Og midt bak stod gudfaren sjølv. Med små teikn og fakter dreiv han ungdomen fram. Og det var ingen tvil om at han storkosa seg der han stod. Slik me i salen gjorde det.

Og om nokon skulle lura på det: dette var dei åtte låtane kvartetten spelte: Rose Window, Science, This Belongs to You, Venise, The Day. J B, Mira og Saturday.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.