annonse

Malena og Dorthea held konsert i Vangskyrja

GLER SEG
GLER SEG: – Eg trur dette blir fint, seier Malena Sølvberg Breistein (t.v) som saman med Dorthea Bergo skal halda klassisk konsert i Vangskyrka. (Foto: Privat)

Tysdag vil klassiske tonar frå Bach og Grieg fylla Vangs­kyrkja.

  • Katrine Nordanger Mjelde

– Det er veldig kjekt å få gjera dette på Voss sida me begge er herfrå, seier Malena Sølvberg Breistein.

Tysdag 18. juli inviterer Breistein og Dorthea Bergo til konsert i Vangskyrkja.

- Me gler oss veldig og håpar jo at det kjem litt folk, seier Breistein.

Kjende komponistar

Dei to skal syngja kjende songar av komponistar som Bach, Faure, Puccini og Grieg. Med seg har dei James Reed på piano.

– Mange kjenner nok til Grieg sine kjende verk, og dei skal me framføra, seier Breistein.

Begge to interesserer seg for og driv med klassisk musikk.

– Det er ikkje så enkelt å få unge interesserte i klassisk musikk, så me håpar me kan nå litt fram til dei no. Eg kan seia for oss begge at eg trur dette blir fint, fortel Breistein.

Konserten går utpå kvelden, og det er gratis inngang.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.