MAGEMÅL: Å spøka med sitt eige, om det er vossamål eller magemål, fungerer aller best for komikarane i Humorkollektivet. Grim Moberg gjorde begge delar.

Mest pondus på heimebane

Når ein spøker med sitt eige, treffer ein best. Og aller helst på vossamaol.

Publisert 20.03.2017 kl. 18.02. Oppdatert kl. 07.03.

Fredag fekk vossingane besøk av Humorkollektivet frå Bergen. Med Ole Soo som konferansier for kvelden, prøvde Grim Moberg, Thomas Sævig, Sjur Koppen og Eirik Krokås å få låtten i publikum på Fleischer's.


Made in Hongkong

Ole Soo får den litt tråe oppgåva med å «varma opp» publikum. Det var glissent i Top Spot, og dei fleste hadde berre kome halvvegs ned i fyrste halvliteren. Etter ein litt langtekkjeleg seanse der han freistar å spørja folk kven dei er og kva dei jobbar med, for så å laga humor på diverse yrke, går han i gang med eige repertoar. Dette fungerer mykje betre, og den klassiske metoden med å le av seg sjølv fungerer betre enn å le av andre. Soo spøker med sin asiatiske utsjånad, og korleis det var å skilja seg ut.

- Eg sa at eg ynskte meg Maiden-t-skjorte sånn som dei andre hadde. Mamma gav meg ei der det stod «Made in Hongkong» i staden!


Sjur på tur

Sjur Koppen sitt nummer byggjer rundt problema ein liten gut får når mor og far har kalla deg «Sjur». For vossingar flest er Sjur eit ganske vanleg namn, og Koppen lukkast ikkje heilt med å overtyda denne meldaren om at det var så grufullt, sjølv om Sjur rimar på både «sur» og «tur». Han har ei flott avslutning: «Eg vart redda. Det byrja ein klassen som heitte NJÅL». Etterpå går det rett i underbuksa, og publikum flirer godt av alle synonyma for å masturbera som Koppen serverer. Å «pussa rifla» og «mata måsen» er kreativt og morosamt nok, men servert litt oppramsande og fungerer ikkje nok som punch-line. Grovare vert det seinare.


One night stands

Eirik Krokås er askøyværing og spøker òg gjerne med opphavet sitt, artige historier om skilt-steling i fylla og «one night stands». Å harselera med eigne erobringar (eller nederlag) og storleik på utstyret er fornøyeleg nok. Å spøka med korleis homofile har sex, opplevast litt bakstreversk.

Soo gjer eit morosamt innslag om at han har lagt på seg. Han har god timing på replikkane, og sjølv om teksten i seg sjølv ikkje er hylande morosam, gjer framføringa den betre. Han går gjennom steg for steg korleis han ynskte å sjå bra ut i bar overkropp, via sjå bra ut med klede, til å godta «sjå bra ut på lang avstand - i mørket». No er publikum varme i trøya og ler høgt.


Småkleint i taxi

Taxisjåfør og student Thomas Sævig serverer nokre historier frå yrkeslivet, og prøver seg på vitsar om korleis sexlivet utarta seg i hans ungdom. Det er tilløp til klein stemning når han snakkar om fingring på ungdomsskulen, og sketsjen manglar særleg poeng utover det at det er morosamt å snakka om noko seksuelt. Han skårar mykje betre på imitasjonar av ulike kjendisar, og avsluttar sitt innslag med ein song om munnsåret til Therese Johaug, framført av ulike kjendisar som er umogleg å ikkje kjenna att.


Breikjefta vossing

Grim Moberg rundar av kvelden, og dreg nok fordel av at han er halvt vossing. Han la i alle fall breisida til på dialekten og i det heile tatt. Moberg baud på seg sjølv, og var mykje meir energisk på scena enn dei andre. Han spøkte med vossamaolet, overvekta og naboane sine i Bergen. Kveldens beste innslag var kanskje då Moberg spela utdrag frå den 15-årige nevøen sitt bandprosjekt «Pimpo-Lars», ein brautande rap om damer, klubbar og det ville livet.

- Altså. Eg var i konfirmasjonen til «Pimpo-Lars» i fjor ... han lever ikkje som ein mafiaboss.


Fortener meir publikum

Komikarane i Humorkollektivet gjorde alle ein heiderleg innsats, men det er når ein verkeleg klarer å vera overtydande sjølvutleverande at det vert morosamt å høyra på. Betre innsats hadde kanskje vore ynskt frå arrangøren Voss Event si side. For ein kjem ikkje unna at stemninga i ein fullsett sal er betre i ein halvtom, og fleire Hordaland snakka med hadde slite med å finna ut av både tid og stad for arrangementet.