Avisa Hordaland

Kultur

Musikalsk ballongferd godt planta i jazzlandskapet

Musikalsk ballongferd godt planta i jazzlandskapet

Ei ballongferd er prisgjeven vêr og vind. Men trønderen Eirik Hegdal synest å halda stødig kurs gjennom dei musikalske stormkasta.

– Ok, frå takt 68! Ein og to og ...

Som ved eit under påskemysteriet verdig, er seks musikarar på same sporet, eit sekund etter at dei tilsynelatande dreiv med alt frå bassgangar til gitarstemming og skalaøvingar for trompet.

Langt på veg

Innstuderinga av årets tingingsverk er i full gang midt på dagen torsdag. Som vanleg held musikarane til i Olavsalen, og for ein gongs skuld var alle musikarane på plass alt frå onsdagen av, slik at dei rakk ei øving då òg. Det, og det faktum at dei seks musikarane stort sett er gamle kjenningar, frå studiar og frå ulike band, gjer at musikarane høyrest samkøyrde ut.

– Ja ... det er litt ulikt. Eg har spelt med Jon her to gonger før, fyrste gongen visste eg ikkje at det var han før etterpå, ler Eirik og peikar på den svenske trommisen Jon Fält. Den noko kryptiske påstanden skriv seg frå eit spennande men merkeleg konsept dei begge var med på – der fire musikarar med bind for auga vart førde inn på scena og plasserte i kvar sin bås, ute av syne for kvarandre. Så var det berre å setja i gang å spela.

Ingerid Jordal - EE ELEGANT Ole Morten Vågan spelar kontrabass med kvite hanskar, slik at han sparer fingrane til seinare i kveld.

EE ELEGANT: Ole Morten Vågan spelar kontrabass med kvite hanskar, slik at han sparer fingrane til seinare i kveld.Foto: Ingerid Jordal

– Eg er godt nøgd med framdrifta, dette trur eg skal verta bra, seier Hegdal og er attende i notida. Det er då årets Tingingsverk det handlar om.

Ein dag

Dei seks musikarane har møtst alle saman ein gong før øvingane i Olavsalen. Ein god øvingsdag, måndag 5. februar.

– Det gjekk veldig bra! summerer dei opp. Elles har dei øvd kvar for seg, med tilsende øvingsopptak som utgangspunkt. Det er vel slikt som skil profesjonelle frå amatørar, fagfolk frå dilettantar.

Men uansett er det no, desse to-tre siste dagane at Tingingsverket finn si endelege form. Det er no dei avgjerande innspela kjem og brikkene fell trygt, men like fullt nervepirrande på plass. Det er trass alt snakk om ei urframføring.

Reinhekla jazz

Det er lett å forstå at tingingsverkkomponistane kan verta freista til å prøva ut gamle draumar når tilbodet frå Vossa Jazz kjem.

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - SJEFEN Eirik Hegdal har fått Vossa Jazz-skjorta på og er definitivt i festivalmodus. Han styrer bandet med sikker hand.

SJEFEN: Eirik Hegdal har fått Vossa Jazz-skjorta på og er definitivt i festivalmodus. Han styrer bandet med sikker hand.Foto: Ingerid Jordal

Klart det er freistande å ta han heilt ut når ein får god tid på skrivinga, får plukka nett dei musikarane ein vil, kan nyta den luksusen det er å ha både to og tre øvingsdagar i Olavsalen på Voss folkehøgskule i fred og ro før festivalen startar – og til og med får betalt for alt saman.

Derfor er det ikkje overraskande at det kan gå år mellom kvar gong jazzpolitiet kan stappa blokka med forenkla jazzførelegg langt ned i lomma og opna øvste knappen i uniformsjakka.

I år kan dei det. Eirik Hegdal er ein jazzmusikar som skriv og spelar jazz.

I det me kjem inn i Olavsalen, er bandet i gang med siste taktane av låten Dropping Balloon.

Så gjev dei seg i kast med One for all the Parker’s – ei bebop-hylling til Charlie Parker og alle dei andre Parker’ane i jazzen. Rett nok ein bebop med små frikvarter innimellom. men uomtvisteleg bebop – for saksofon, vibrafon, trommer, kontrabass, piccolotrompet og gitar/banjo. No vil kanskje jazzpolitiet reisa bust og senka Ray Ban-brillene og spørja med ei røyst drypande av sarkastisk mistanke: – Banjo i ein bebop-låt?!

Svaret er: Ja, visst. Og det let som ei kule!

Ingerid Jordal - LURING Gitarist Nil Olav Johansen er ein av dei verkelege ringrevane i norsk jazz. I kveld vert det både gitar og banjo.

LURING: Gitarist Nil Olav Johansen er ein av dei verkelege ringrevane i norsk jazz. I kveld vert det både gitar og banjo.Foto: Ingerid Jordal

Timing

Jazz er improvisasjon og timing. Gitarist Nils Olav Johansen har eit nokså enkelt notebilete framfor seg på i-paden, og notebiletet som står under besifringa er absolutt ikkje det som kjem frå fingerleiken på gitarhalsen.

Trommis Fält forlèt brått trommekrakken, midt i hardaste taket. Han ruslar bak i salen, der vatn, frukt og grønt står og lokkar – plukkar seg ein pickles, før han snur og ruslar fram mot arbeidsplassen sin att. Rett nok må han ta eit par kjappe steg inn på oppløpet, men i perfekt tid er agurken i munnen og trommestikkene kan dansa over skinn og cymbalar – utan å mista eit einaste slag.

Skitur

– Me får alltid god oppdekking på Vossa Jazz! slår trompetar Eivind Lønning fast. Og han veit kva han snakkar om. For tre år sidan var han med på Live Maria Roggen sitt tingingsverk Apokaluptein – The Uncovering. Og no er det tid for matpause. Lunchen fortærer dei saman med elevar og tilsette, i matsalen på folkehøgskulen.

På spørsmål om kor lenge dei skal øva utover torsdagskvelden, er svaret: – Nei, me tenkte me skulle ta ein skitur. Kor lenge er det lyst?

Særleg vibrafonist Mattias Ståhl er oppteken av korleis tilhøva er for bortoverski, og kor langt det er å køyra opp i åsen. Han ynskjer seg aller helst ein tur utanfor preparerte løyper.

Avslappa god påskestemning rundt bordet. Alt tykkjest i rute. Eller som bassist Ola Morten Vågan uttrykkjer det:

– When you get the right guys to play this shit, it’s gonna be great!

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - F TIMING Jon Fält har full kontroll på alt av slaginstrument. Av og til kan det vera nyttig å gjera sine notatar i margen.

F TIMING: Jon Fält har full kontroll på alt av slaginstrument. Av og til kan det vera nyttig å gjera sine notatar i margen.Foto: Ingerid Jordal

Se dette bildet i full størrelse
Ingerid Jordal - E HITTENS Vart og vakkert, intenst og dramatisk. Trompetar Eivind Lønning meistrar dei ulike sidene av messinginstrumentet.

E HITTENS: Vart og vakkert, intenst og dramatisk. Trompetar Eivind Lønning meistrar dei ulike sidene av messinginstrumentet.Foto: Ingerid Jordal