SOLIST: Vossagospel har fleire framifrå solistar. Uche Okoye song His hand in mine.

Musikklivet gav alt for Frelsesarmeen

Dugnadskonserten er eit kinderegg, med nye og etablerte artistar på same scena, heider til Frelsesarmeen og pengar til viktig arbeid i lokalmiljøet.

Publisert 14.02.2017 kl. 06.02.

Mangfaldet var stort i dei ti ulike artistinnslaga sundag kveld. Alt frå ukulele til hardingfele, sopransong, gospel og 60-talsrock, protestviser og kjærleikssongar i salig blanding.

STEMNING: Don't worry, be happy, var sluttappelen frå Ukulele Girls. Mari Bryn (t.v.), Anne Siri Bauthus Undeland og Solfrid Røen Hauge song om den vakre verda.

Små diamantar

- Det er stas for Sparebanken Vest å vera vertskap for ein så flott festkveld, og å kunna gje tilbake noko av overskotet vårt til lokalsamfunnet, sa André Bjørkaug til velkomst. Saman med major Astrid Hansen i Frelsesarmeen introduserte han kveldens artistar. Fyrst ut var Voss Gutekor, eit nystarta kor for gutar i alderen 8-10 år. Ikkje mange stader har slike reine gutekor, og instruktør Ingrid Langen Fjose meiner dei er som små diamantar når det kjem til stemmeklang. Repertoaret deira var innom nordnorsk jolesalme og den norske folkevisa «Såg du noko til kjerringa mi».

GUTESOPRANAR: Voss har fått eit eige gutekor, under leiing av Ingid Langen Fjose. Sundag song dei for Frelsesarmeen.

Leikande lett

Tre damer med arbeidsplass Voss ungdomsskule, har danna Ukulele Girls. Solfrid Røen Hauge, Anne Siri Undeland Bauthus og Mari Bryn drog i gang melodimedley med lett og laidback stil. What a wonderfull world, med ein smilande sluttappell: don't worry, be happy.

Olav Auro kom åleine på scena, med gitar og munnspel og sjølvskrivne songar om ung og gamal kjærleik. Signe Førre hadde med John Taylor på piano. Sjølv trakterte ho kontrabassen i bossatakt i Falling Grace, før me fekk høyra hennar særeigne og flotte stemme i standard-låten Come rain or come shine.

RAKETT-ROCK: Sin unge alder til trass, Vossa Rebels er for veteranar å rekna i musikklivet på Voss, og bidreg gjerne til inntekt for eit godt føremål.

Luft i håret

Frelsesarmeen sitt eige kor, Vossagospel, var sjølvskrivne på konserten. Under leiing av Tom Jarle Istad Kristiansen framførte dei «Put your hand in the hand of the man who stilled the water» med Anne Mette Kvammen som solist. Uche Okoye var solist med «His hand in mine», og Inger Marie Mossefinn og Renate Kvåle song Oh, Happy Day saman med koret så taket bort-imot letta.

- Sikkert fleire enn meg som fekk luft i håret av den songprestasjonen, sa André Bjørk-haug begeistra.

Så introduserte han «to halvgalne jenter som elskar verda». Trine Duesund Urne og Helle Karsdottir i Dumpster Divas bidrog med ein sjølvskriven song om den tvilsame typen Frank som aldri dukka opp att. Deretter ein låt som Moddi har funne på si reise for å samla «forbodne songar», eit rop mot urettferd, og protest mot at vondskap blir vane.

Vosstock er sett saman av Jonas Vedde Ødegård, Kjell Åge Skaftun, Laine de Wolfe og Kristian Lyngvær.

- Denne gongen har me hoppa ut av 60-talsbåsen, og prøvd å laga ein song sjølv. Så dette kan jo gå begge vegar, sa Jonas Vedde Ødegård humoristisk.

FJELLBEKK: Ein av landets fremste hardingfelespelarar, Steinar Rygg, lokka fram tonar om vårfjell og smøsmelting.

Frå fullt trøkk med gitarsolo og trommer, var overgangen stor til neste innslag, som var av det langt varare slaget. Steinar Rygg ba publikum om å slå fylge med fantasien, sjå for seg ein topptur på ski i vårløysinga, og lytta til Fjellbekken, slik han spelte det på hardingfela.

EIGENKOMPONERT: Laine de Wolfe og Jonas Vedde Ødegård utgjer halvparten av firemannsbanden Vosstock. Dei spelte sin eigen låt Make it on your own.

Blir ikkje tøffare

Så var det rett tilbake til rock'n roll med dei unge sjarmørane i Vossa Rebels. Like A Rocket tok skikkeleg av.

- Stort tøffare blir det ikkje, konstaterte André Bjørkhaug, før han kunne oppsummera kvelden og overrekkja billettinntektene på 30.200 kroner til Frelsesarmeen.

- Tusen hjarteleg takk alle, både publikum i salen og alle artistane som har stilt opp, sa Astrid Hansen i Frelsesarmeen.

SÆREIGEN: Vokalist og bassist Signe Førre framførte Falling Grace og Come rain or come shine.