annonse

Narren i loftet

MANA
MANA: Kresten Osgood sende den spirande påskelilja både venlege og mindre venlege blikk. (Foto: Ingerid Jordal)
STINN BRAKKE
STINN BRAKKE: Det var fullt i Finnesloftet laurdag middag, og ikkje alle kom seg heilt innom døra. Men moro såg dei ut til å ha det. (Foto: Ingerid Jordal)
FESTSAL
FESTSAL: Finnesloftet kan godt ha vore sete for store festar i mellomalderen. 700 år seinare er det vorte ei heilt spesiell scene. (Foto: Ingerid Jordal)
NYTT LJOS PÅ LOFTET
NYTT LJOS PÅ LOFTET: Den historiske ramma vart ein kontrast til ei svært moderne framsyning. (Foto: Ingerid Jordal)

Danske Kresten Osgood vekte ein mange hundre år gammal institusjon til live i Finnesloftet.

Nils Kvamsdal

Det er lett å tenkja seg at Finnes- loftet var arena for store og solide festar i mellomalderen. Og då kan det godt vera at narren utgjorde ein viktig post i programmet. Kresten Osgood tok rolla som narren 2018 på strak arm.

Narr har i moderne tid vorte eit skjellsord. Men slik var det opphavleg slett ikkje. Narren hadde tvert om ei viktig oppgåve. Han var langt på veg den einaste som, utan fare for å missa livet, kunne refsa kongen og makta, og latterleggjera uheldige sider i samfunnet. Men narren og gjøglaren gjorde det med humor og fysiske sprell, nett slik Kresten Osgood også gjorde det.

Performance

Engelskmennene har orda performance – framsyning, prestasjon – og comic relief – komisk frigjering – som langt på veg dekkjer den danske trommeslagaren og multimusikaren Osgood sine sprelske påfunn i det fullsette Finnesloftet.

Han opna moroa, sitjande på ein stol medan han plystra til og kosa med ei spirande påskelilje.

Derfrå gjekk det slag i slag – både bokstaveleg og i overført tyding.

For Kresten er mest trommeslagar, og dei oppsette slagverket fekk gjennomgå.

Men elles handla det om alt frå cymbal-klappande leikeapar, via sære melodikanonar til gurgling i vatn og eit utal absurde lydar – som òg inkluderte tromming på innsida av eigne lår.

Lenge sidan sist

Noko liknaden har neppe skjedd i Finnesloftet si meir enn 700 år lange historie. I så fall finst det ikkje nedfelt i skriftlege kjelder. Husvert Knut K. Finne opna samkoma med å dra ein kortversjon av loftet si historie. Innleiingsvis truga han med å kopiera Frank Aarebrot og hans 200 år på 200 minutt: 723 år på 723 minutt, men avstod klokleg frå det.

– Eg trur gamlingen er klar for å lea på seg att, sa Knut og kommenterte at loftet er arena for Vossa Jazz for fyrste gong i si 723-årige historie.

Han åtvara elles publikum om å nemna namnet Knut Alvsson for den danske musikargjesten. Alvsson, som var herre over Finne-godset på slutten av 1400-talet, vart nemleg skammeleg myrda av danskekongen.

– Ingen har måtta stå til rette for dette drapet, men ta det no berre ikkje opp med Kresten Osgood! mana dagens herre over Finnegarden.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.