annonse

Nordavind frå alle kantar for eidfjørene

KLARE FORE REVY
KLARE FORE REVY: Nina Herland og Svein Hop på kurs i gresk folkedans med Seniordansen i revyen Austavind tilbake i 2013. No er dei klare for ny revy med revygjengen i Eidfjord Teaterlag. (Foto: Privat)
REVYGJENGEN I EIDFJORD TEATERLAG
REVYGJENGEN I EIDFJORD TEATERLAG: Framme frå venstre er Mary Herland, Johanna Maria Nesheim og Nina Herland. Bak frå venstre er Tor Bu, Trude Brekke, Johanna Håbrekke og Svein Hop. Arne G. Bu var ikkje til stades då biletet vart teke. (Foto: Privat)

Ler eidfjørene av andre ting enn bergensarar og andre frå møblerte heimar?

Nils Kvamsdal

Det kan du finna ut på laurdag. Då er det premiere på oppfylgjaren til suksessrevyen Austavind frå januar 2013.

Originalt nok har revyfolket i Eidfjord skifta vêr og vindretning, så denne gongen heiter moroa Nordavind.

Dei er ikkje så mange i Eidfjord, men kreative er dei, og moro har dei det. Og ikkje minst; fint skal det vera. Derfor samla revy­folket seg til Høgfjells­seminar for å planleggja ny revy.

I samfunnshuset

Om det var den tynne lufta som gjorde susen, skal vera usagt, men det var i alle fall der det vidløftige spørsmålet om det er skilnad på humoren i byen og på landet dukka opp.

Noko vitskapeleg fundert svar kom dei ikkje fram til, men truleg vil publikum vert utsett for diverse vareprøver som testar ut både den eine og den andre hypotesen når dei benkar seg i samfunnshuset på Lægreid laurdag kveld.

Treng fleire

Naturleg nok, er ikkje revy- og teatermiljøet i Eidfjord stort. Men Johanna Maria Nesheim, som sjølv er med på revyen, fortel at dei har det utruleg kjekt på øvingar og elles når dei møtest­. Så kjekt at dei gjerne vil ha med fleire, i alle aldrar og av begge kjønn.

Nesheim trur revyarbeidet er viktig for samhaldet i bygda, ikkje minst fordi det i så stor grad handlar om å gje slepp på det sjølvhøgtidelege og alvorsame. Revy handlar ofte om å karikera det litt latterlege og komiske, men dei som gjer det best, får det fram utan å verta vondskapsfull eller fordømande.

Skulle ein få lyst til å vera med morogjengen i Eidfjord etter­ festen på laurdag, kan det vera ein god start å stilla på møtet dei teaterinteresserte skal avvikla onsdag 21. mars. Det er berre å snakka til ein av revyaktørane eller å melda si interesse på kulturkomiteen­@outlook.com.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.