annonse

Ny konsert i Finnesloftet

KONSERT: Sommarkonsertane i Finnesloftet har verkeleg slått an, og sundag er det klart for ei ny storslått hending: Jo Asgeir Lie har sett musikk til ålingen Eldgrim H. Springgard sine tolv kalendertekstar om den gamle stavkyrkja på Ål, og saman framfører dei programmet Stavkyrkja, i ord, musikk og bilete. Bileta er tekne av fotograf Trond Andersson. Eit meir høveleg rom for ei slik oppleving skal ein nok leita lenge og lenger enn langt etter. Og framleis er det langt frå slutt på sommarkonsertane. Alt neste sundag ventar konserten med Tore Brunborg og Steinar Raknes. Sesongen vert avslutta med ingen ringare enn Knut Reiersrud.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.