annonse

Påsketuren

KVITANESEN
KVITANESEN: Skriv forteljing om påsketuren. (Foto: Geir Geitle/Arkiv)

Det var seint i påsken. Hans Hamre hadde sett seg ned ved den store fura utanfor hytta og funne seg ein lang pinne som han sat og rota i graset med. Sola stod alt høgt på himmelen og skuggane laga ein mørk mosaikk på veggen bak. Dei var seks stykkje i lag no, i går hadde dei vore sju.

Ingen visste kvar han Åsmund var. Ingenting tydde på anna enn godt. Føret var fint, dei hadde mat og drikke til mange dagar. Jentene pynta seg med strekkbukser og oppsett hår, klister under skia og brunkrem i kjakane. Gutane hadde tre par sokkar og to dusin gummi i sekken. Sokkane kom godt med sidan omnsturken var dårleg i det gamle selet.

Dei var ikkje akkurat kjærastar. Berre vener slik ungdom er vener. Dei hadde hakka litt borti kvarandre, slåst om ei puta og han Bjarne kraup ein kveld oppi soveposen hennar Olaug sjølv om der nok ikkje var plass til to.

Han hadde ikkje lagt att noko brev, ikkje eit einaste sårt teikn. Dei hadde sett at han kanskje vart borte som sat han på ei sky, som om han gjekk rundt på ein annan planet. Men kven gjer ikkje det i ungdommen, kven viklar seg ikkje inn i draumar og dis? Dei raude slengbuksene låg att, ein tube med Brylkrem og ein boks med Spagetti a la Capri. Det var mat for fjellfolk. Kunne han ha gått seg vill inn mot Hallingskarvet, vorte gåande i sirkel mellom berg og bre, i ring på Osaskrulen eller beint ha gått seg utover Ingebjørgnuten? Kanskje låg han våt og forkomen langt inn mot Finse, kanskje i ein buldrande høl nedanfor Hedlo?

Fyrste påskedag tok alle seg ned den flogbratte lia, og banka med ein gong på hjå foreldra til den bortkomne sonen. Jau, Åsmund var sovidt innom her om dagen og sa han tok toget til Bergen for å møte ei tytta han hadde møtt på Brakanes hotell i jola. Dei likte det ikkje, men hadde sendt med han hundre kroner, to røykte spekjesilder og litt kandissukker. Litt måtte han ha å spandera der han kom.

Dei seks som sat att i det gisne selet lærde at ein skal venta i det lengste med å ta sorgene på forskot. Dei kjem likevel når du minst ventar det.

Kanskje låg han våt og forkomen langt inn mot Finse, kanskje i ein buldrande høl nedanfor Hedlo?

Kvitanesen

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.