annonse

Ragnvaldsen i 50 år

DIRIGENTEN
DIRIGENTEN: Å få folket til å syngja i kor har alltid vore Lars Ragnvaldsen si hjartesak. 2. desember var det på dagen 50 år sidan han dirigerte sin fyrste adventskonsert i Dale kyrkje. (Foto: Knut Markhus/Arkiv)

– Då eg starta på svingane ned frå Storefossen, tenkte eg: Finst det noko i botnen her nede?

Nils Kvamsdal

Då Lars Ragnvaldsen dirigerte adventskonserten med Marianne Juvik Sæbø og Dale mannskor i Dale kyrkje, laurdag 2. desember, var det på dagen 50 år etter at han dirigerte sin fyrste advents­konsert på same staden.

Starta som vikar

Natt til 13. august 1967 kom den unge bergensaren og orgel­studenten Lars Ragnvaldsen køyrande ned Bergsdalen mot Dale. Han hadde køyrt i eitt strekk frå Bodø og var på veg heim til Bergen og familiehytta på Sotra. I Bodø var han assisterande organist i byens domkyrkje, han var ikkje ferdig utdanna, men no hadde han søkt jobben som organist i kyrkja på Dale.

Ragnvaldsen kom seg ned svingane frå Storefossen og passerte Dale, utan å tenkja nemneverdig på jobbsøknaden han hadde inne.

– Men dagen etter ringde det ein kar og bad om orsaking for at eg ikkje hadde fått organistjobben. Men kunne eg tenkja meg å vera vikarorgnaist, samstundes som eg gjorde ferdig kantorutdanninga mi?

Lars tok sjansen, og det har han ikkje angra på.

Utdanna i Bergen

Rett nok har han ikkje vore på Dale og i Vaksdal kommune saman­hengjande sidan starten i 1976.

– Stillingen som eg fekk i -67 var så liten at då eg gifta meg tre år seinare, var det for lite å brødfø ein familie på.

Dermed har Lars organistjobben i kyrkjene både på Nygård og på Laksevåg på CV-en – i Nygård kirke var han organist i tre år.

I 1972, same året som Norges Musikkhøgskole opna dørene, tok Lars sin kantoreksamen. Organistutdanninga låg den gongen til musikkonservatoriet i Bergen, og det var ikkje mindre enn 14 komande organistar i Lars sin klasse,

– No er den utdanninga lagt ned, seier Lars lakonisk.

Attende til Dale

Då Lars kom til jobben som vikaroganist på Dale i 1967, var det slett ikkje fyrste gongen han hadde gjesta industristaden.

– Nei, eg hadde vore på Dale på tur med buekorpset alt i 1954. Eg gjekk i Fjellets bataljon – Pitterhauen! seier ein synleg stolt bauekorpsgutt.

Men i 1976 var det tid for å gjera ny entré på Dale.

– Kor hadde eg hatt mykje med å gjera dei åra eg var i Bodø, og jobben min som kantor har alltid vore å leggja til rette for salmesongen i kyrkjelyden.

Då Ragnvaldsen overtok som kantor i Vangskyrkja etter ­Arvid Aarsnes i 1997, var også draumen om å få lyd i kyrkje­lyden sterk og klar.

– Det var ikkje mykje futt i salmesongen då eg kom til Voss. Nei, det var begredelege greier! slår Ragnvaldsen fast.

Frode Vik

Heilt sidan han fekk den 10 år gamle Stamnes-guten Frode Vik som orgelelev, har det vore eit spesielt forhold mellom læremeisteren og eleven.

– Frode har gjort ein heilt fantastisk og uvurderleg jobb opp gjennom åra. Han har vore med og spelt piano under innstuderinga med kora eg har dirigert opp gjennom åra. Han er eineståande flink og kunne ha vore repetitør kvar som helst når som helst, seier Ragnvaldsen.

Pensjonist

Lars Ragnvaldsen vart offisielt pensjonist for fem år sidan, men det hindrar han ikkje i å jobba vidare med saka han brenn for: å få fram store og gode kor som kan ta på seg oppgåver ut over det vanlege for eit amatørkor.

Etter nokre års pause, er han attende som pådrivar og dirigent for Fossegrimen sitt årlege prosjektkor, og med Dale mannskor har han – på nesten naturstridig vis – fått fram eit mannskor som held ein uvanleg høg kvalitet. Det einaste som uroar både Ragnvaldsen og dei som likar god mannskorsong, er at koret i dag lir under sviktande rekruttering. Det kan verta eit alvorleg problem i løpet­ av nokre få år.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.