annonse

Skadedyr på Vossa Jazz

SKADEDYRINVASJON
SKADEDYRINVASJON: Skadedyr er klare for Vossa Jazz 2018 saman med Anders Røine og det nyskrivne verket Mutationes Tempestas. (Foto: Odin Drønen)

Bak dagens luke i Vossa Jazz-kalenderen dukka Anders Røine og kollektivet Skadedyr opp.

Nils Kvamsdal

Multikunstnaren Anders Røine er på farten att. Til Vossa Jazz 2018 kjem han og det 12 mann og kvinner store bandet Skade­dyr med eit rykande ferskt tingingsverk: Mutationes Tempestas.

Inni mutasjonane gøymer det seg musikk der komponistane vil føra tilhøyrarane saman med naturen – gjennom ritual som tek føre seg alt frå The Big Bang til den minste lyd i eit kviskrande vindpust – presentert gjennom jazz, folkemusikk og dramaturgiske grep.

Årets folkemusikar

Anders Røine vart kåra til Årets folkemusikar på Folkelarm 2017.

Skadedyr hausta på si side kjempekritikkar for albumet Culturen som kom ut i 2016.

Speleglede og grense- og sjangersprengjande musisering står i fokus for musikarane i bandet.

Stor gjeng

Skadedyr er sett saman av Hans Hulbækmo (trommer og komposisjon), Heida Mobeck (tuba og komposisjon), Anja Lauvdal (piano, synth og komposisjon), Øysten Aarnes Vik (trommer), Adrian Løseth Waade­ (fiolin), Ina Sagstuen (vokal), Ida Løvlie Hide (akkordeon), Torstein Lavik Larsen (trompet), Henrik Munkeby Nørstebø (trombone), Fredrik Luhr Dietrichson (kontrabass), Lars Ove Fossheim (gitar) og vossingen (!) Marius Klovning (steelgitar).

I tillegg kjem Anders Røine (hardingfele, munnharpe, lange­leik, gitar, lur, seljefløyte, vokal og komposisjon).

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.