annonse

Snart Kulturminnedag på Bergslitræet

KULTURMINNEDAG
KULTURMINNEDAG: På Bergslitræet. (Foto: Privat)

«Kulturminnedagane» er internasjonale og vert markerte i september kvart år, med tilskipingar i om lag 50 europeiske land.

  • Laila Rynning Veum

I Noreg vert Kulturminnedagane markerte i alle fylka i landet, med rundt 200 ulike arrangement som spenner frå ein dag til ei heil veke. Målet med kulturminnedagane er å skapa forståing og respekt for eigen, felles og andre sin kulturarv. I tillegg eit ynskje om å skapa engasjement og aktivitet i lokalmiljøet. Norges Kulturvernforbund har i dag ansvaret for koordineringa av «Kulturminnedagane».

På Voss vert «Kulturminnedagen 2017» i år markert på Bergslitræet og i Bergsliløypa sundag 17. september. Bergslitræet, kulturminnet i Prestegardsmoen, var fødestaden og barndomsheimen til kunstnarbrørne Knud og Brynjulf Bergslien. Dei var ikkje berre store kunstnarar i siste halvdelen av 1800-talet, men også viktige personar i nasjonsbygginga etter 1814.

Markeringa av kulturminnedagen startar med guiding i Bergsliløypa og vert avslutta på Bergslitræet der det vil vera ymse program og kafe.

Som avslutting på sommarsesongen vert det også trekking av kunstlotteriet som har gått føre seg gjennom heile sommaren. Sju av Voss sine kunstnarar har gitt kvart sitt kunstverk som bidrag til rehabiliteringa av kunstnarheimen på Bergslitræet i vår. Utstillinga av desse kunstverka kan sjåast på Bergslitræet.

Vel møtt til kulturdag i Prestegardsmoen!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.