annonse

Sommarkveld i Undredal med mat og musikk

Kvemmadokkje i fjor
Kvemmadokkje i fjor: Sigrid Moldestad og Aasmund Nordstoga med SVER gjorde suksess i Kvemmadokkje i Ulvik i fjor sommar. Til helga er dei i aksjon i Undredal. (Foto: INGVILD SIGLEN BERGER)

Musikalske godbitar og god mat skal serverast på bryggja i Undredal i helga.

  • Katrine Nordanger Mjelde

Laurdag kveld arrangerer Visit Undredal musikkfestivalen Sommarkveld, på bryggja i Undre­dal. Mellom anna skal Aasmund Nordstoga, Sigrid Moldestad og gruppa SVER opptre saman.

– Annakvart år er det Geitostfestival i Undredal som blir sett saman av lokalfolket, men i år ville folk ha litt meir ferie og då kom ideen om ein musikkfestival, fortel Leif Inge Undredal som står bak arrangementet.

«Eit samarbeid av overskot og glede», kallar Aasmund Nordstoga, Sigrid Moldestad og gruppa SVER samarbeidet sitt. Det som byrja som ein bestilt festivalkonsert, vart så vellukka og moro at dei valde å halda fram. Den svensk-norske gjengen sette mellom anna publikumsrekord på Kvemmadokkje i Hardanger sommaren 2016.

– Eg synest me bør ha ei litt stor hending på sommaren her kvart år, så i haust snakka eg med Aasmund Nordstoga der han fortalte at han skulle på turné til somaren. Då måtte eg nesten få dei hit, fortel Undredal.

Kje på menyen

Countrybandet Longhorn står også på plakaten. Dei har akkurat spelt på countryfestivalen i Breim og har 30-års fartstid med musikken sin.

– Det blir eit litt meir rocka arrangement med ei blanding av folkemusikk og country. Denne gruppa har jo verkeleg gjort det godt, seier Undredal.

Ein kan også bestilla bilettar både med og utan middag til konsertane.

– Tanken er å tilby noko litt meir eksklusivt, så ein kan bestilla middag inkludert. Her skal me servera kjekjøt, dei er kjende for å ha god mat på bryggjekafeen. Me skal også servera Tapas utover kvelden, fortel Undredal.

Dei har også sett opp bussar for høvet, desse vil gå gjennom Vossestrand på vegen.

– Me håpar det kjem mykje folk og at det blir ein triveleg kveld, seier Undredal.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.