annonse

Stein H. med Olav H.-album

JAZZ I SOMMARLAND
JAZZ I SOMMARLAND: Stein Helge Solstad skal driva praksisbasert forsking på jazzgitar i Australia det komande halvåret. Før jol gav han ut plate med Olav H. Hauge-tekstar til eigen musikk. (Foto: Privat)

– Det er som med god vin, desse låtane har lege og godgjort seg i ein 20 års tid!

Nils Kvamsdal

For vel 20 år sidan skreiv vossingen Stein Helge Solstad ein melodi til Olav H. Hauge-diktet Det er den draumen, diktet som i 2016 vart kåra til det beste norske diktet gjennom alle tider. Stein Helge og kona Marit var nett vortne foreldre til sin tredjefødde – Trygve – og Stein Helge kalla derfor musikkstykket Trygvesdraumen.

No er draumen vorten røyndom. Heilt på tampen av fjoråret kom CD-en Elvane møtest, med 12 dikt av Olav H. Hauge, tonesette av Stein Helge og innspelt saman med handplukka toppmusikarar. Musikarar som i dag bur i Oslo, men der dei fleste har sin bakgrunn i Ørsta/Volda-området, det same området Stein Helge og Marit har budd og arbeidd i, i ei årrekkje.

Fascinert av Hauge

– Interessa for Hauge fekk eg gjennom kona mi sine opplesingar av dikta hans. Det som fascinerer meg aller mest er desse store spranga mellom dei korthogne og ordknappe dikta om kvardagsliv og dei lange dikta som skildrar dei komplekse samanhengane i både natur og menneske. Hauge las svært mykje og var ein særdeles kunnskapsrik mann, og det ber dikta hans preg av. Som musikar er det òg inspirerande å jobba med dei mange rytmiske vekslingane i dikta til Hauge, seier Solstad.

Utgangspunktet var å få med minst eitt dikt frå kvar av diktsamlingane til Hauge, frå debuten med Glør i oska (1946), på denne utgjevinga.

At det ikkje har vorte plate av tekstane til Olav H. og musikken til Stein H. før, er ifylgje opphavsmannen litt tilfeldig.

– No var liksom tida der, og med eit visst påtrykk frå musikarvener om at no måtte eg få laga ei plate, vart det slik.

Variert

Stein Helge Solstad er jazzgitarist, og innspelinga er fyrst og fremst ei jazzinnspeling. Men ho er mykje meir. Underteikna kan knapt hugsa å ha høyrt ein «Hauge-CD» med så variert musikkuttrykk. Folkemusikkelementa er mange og tydelege, men her er også heilt andre påverknader. Spenstig latino og vare viser, standardjazz og rocka riff. Uansett stilretning, har Elvane møtest vorte ein melodisk vakker CD. med luftige og fine arrangement. Tittelen Elvane møtest seier også noko om å møtast på tvers av musikkretningar og musikalsk bakgrunn.

– Småting har vorte endra undervegs. Musikken var opphavleg skriven for sopran vokal, men eg ville gjerne bruka Beate og Therese Lech som vokalistar, og då måtte eg endra toneart for å tilpassa til deira stemmer. Så er det også slik at når du jobbar med dyktige jazzmusikarar, så vil dei alltid vera med og setja sitt preg – koma med gode idear til ein litt annleis intro, litt andre klangar osb., forklarar komponisten.

I tillegg til vokalistane og Stein Helge sjølv på gitarar, er Erlend Slettevoll (piano), Audun Ellingsen (bass) og Henrik Lødøen (trommer) med på innspelinga. Ellingsen og Slettevoll har vore med og spelt denne musikken heilt frå den tidlege fasen, så det er ei ekstra glede for Stein Helge at nett desse to er med på innspelinga. Ellingsen var også med på Solstad sitt album Svev.

I Australia

Stein Helge Solstad (56) er ikkje berre utøvande jazzgitarist, han er også ein jazzteoretikar. For to år sidan tok han doktorgraden med avhandlinga Strategies in jazz guitar improvisation, der han inngåande drøfta kva improvisasjonsstrategiar profesjonelle jazzgitaristar brukar – rett og slett korleis jazzgitaristar utviklar ferdigheitene sine og korleis dei nyttar dei i praksis.

Undervegs i arbeidet med doktoravhandlinga hadde Stein Helge og kona Marit Ulvund, som arbeidde med si doktoravhandling innan teater og drama, opphald både i New York og i Australia. Rett før jol drog Marit og Stein Helge attende til Australia for eit nytt halvårs forskingsopphald.

– Ja, me var så heldige å få forskingsstipend som gjorde det mogleg for oss. Førre gongen var heile familien med, men no er ungane så store at dei klarar seg sjølve – så no er det berre oss, seier Stein Helge på FaceTime – videotelefon – frå solskinsstaten Brisbane. Det er midtsommar i Australia, og temperaturen i Brisbane ligg på pluss minus 30 varme grader.

Langt framme

– Ein kan undra seg over kvifor me måtte heilt til andre sida av kloden for å driva forsking knytt opp mot doktoravhandlingane våre. Men til det er å seia at Australia både har interessante tradisjonar og utøvarar innan så vel musikk som teater og drama, og at Australia ligg svært langt framme når det gjeld såkalla praksisbasert forsking. Med det meiner ein forsking som byggjer direkte på praktiske røynsler og ikkje så mykje på teoretiske modellar og skriftleg materiale. Me er knytte til Queensland University of Technology, som er verdsleiande innan denne forma for forsking. I tillegg opplever me Australia som eit svært hyggjeleg og venleg samfunn, med gjestfrie og omgjengelege menneske. Og klimaet er det slett ingen ting å seia på!

No vert Stein Helge og Marit i Brisbane fram til juli, og vonleg møter dei ein vestlandssommar som òg ligg og vippar rundt 30 varmegrader.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.