annonse

«Stikk-innom» på Fossegrimen-konsert i helga

STIKK INNOM
STIKK-INNOM: Midt på laurdagen har Fossegrimen ein uformell konsert i foajeen på Gamlekinoen. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Orkesteret Fossegrimen innleier si 100-årsfeiring med ein uformell stikk-innom-konsert i foajeen på Gamlekinoen midt på laurdagen.

Nils Kvamsdal

Publikum på Smalahovesleppet ser ut til å få i alle moglege posar og sekker dette året. Midt mellom alle smaksprøvar, moteoppvising, barneaktivitetar, nye bilmodellar, ølsmaking, kulturkveld og smalehovemiddag, får dei òg med seg ein konsert full av musikalske godbitar midt på blanke laurdagen.

Ettersom konserten går i foajeen på Gamlekinoen, er det ikkje fullt orkester som stiller til dyst. Men ein del av strykarane og blåsarane har slått seg saman for å by publikum på eit særdeles variert, vakkert og kjent program.

Oboisten Karolina Chmielewska er ikkje ukjend for korkje musikarane i Fossegrimen eller publikum. Ho har si utdanning frå Polen, Tyskland og Griegakademiet i Bergen, og ho har spelt med Fossegrimen ved fleire høve. Laurdag er ho solist i ein obokonsert av barokkomponisten Benedetto Marcello (1686-1739). Konserten går i c-moll, men er utgjeven i fleire tonearter. Fossegrimen og Chiemelewska held seg til originaltonearten.

Fossegrimen sin konsertmeister, Helga Hjetland, skal også vera solist på laurdag. Det er ho i eitt av den klassiske fiolinlitteraturen sine største glansnummer gjennom alle tider: italienaren Vittori Monti (1868-1922) sin Czardas (Csárdás). Eit verk Monti skreiv rundt 1904 og som finst i tallause utgjevingar og for tallause instrumenteringar. Mellom anna spelte Øystein Sunde i 1989 inn ein versjon på akustisk gitar, med mellom andre Einar Mjølsnes i bandet. Men igjen, Fossegrimen held seg til originalen.

Tredje solist ut er Håkon Asheim. Til dagleg er han studieleiar ved Ole Bull Akademiet. Han trakterer både hardingfele og fiolin, men laurdag er valdrisen fiolinsolist i Jacob Gade sin evigunge Tango Jalousie.

Som om ikkje alt dette skulle vera nok, får publikum også høyra perler av komponistar som Franz Schubert (1797-1828), Anton Rubinstein (1829-1894), Johannes Brahms (1833-1897), George Bizet (1838-1875) og Scott Joplin (1868-1917).

Det er ikkje førehandssal av billettar, dei vert selde i døra, så her det er dei fyrste som stikk innom som får gleda av vakker musikk.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.