annonse

Syng seg gjennom Europa

PICASSO
PICASSO: Også utanfor Picasso-museet fekk koret og dirigent Lars Ragngvaldsen i midten tid til ein improvisert konsert. (Foto: Privat)
MAGISK
MAGISK: Det mektige Alhambra-palasset er ein av Spania sine største attraksjonar. Songarane frå Dale leitte seg fram til stadene med best akustikk og song rundt omkring inne i borga. (Foto: Privat)
NOKO SOM MANGLAR
NOKO SOM MANGLAR: Berre det eine spiret vart gjort ferdig, grunna pengemangel. Derfor vert katedralen i Màlaga kalla Den einarma kvinna. (Foto: Privat)
ETTER MESSA
ETTER MESSA: Dale mannskor song på ei messe i Màlaga-katedralen. Etterpå let dei seg avfotografera inne i heilagdomen. (Foto: Privat)
VAKKER
VAKKER: Katedralen i Màlaga er vakker. Her er det ikkje spart på noko. Kanskje derfor kassen gjekk tom før begge tårna var komne opp? (Foto: Privat)

Opp gjennom åra har Dale mannskor reist Eurpoa på kryss og tvers og sunge i katedralar og andre stasbygg. I år gjekk turen til ­sør-Spania.

Nils Kvamsdal

Det er ei imponerande merittliste mannskorsongarane frå Dale har å visa til. Og etter utferda denne sommaren, kan dei føya katedralen i Malaga og sjølvaste Alhambra-palasset til CV-en.

– No har me sunge i vår 37. europeiske katedral, slår dirigent Lars Ragnvaldsen fast. Og då reknar han berre med offisielle konsertar. Konsertar som må førehandsgodkjennast, med grundig gransking av programmet, og månader med nitide førebuingar og korrespondanse med strenge religiøse adminstratorar i diverse land. I tillegg kjem alle spontane utandørskonsertane som koret har helde der dei har ferdast, og som samlar til dels store folkemengder og tilsvarande applaus som takk for innsatsen.

Sør-Spania

I sommar drog koret til Sør-Spania.

– Me ville prøva å få innpass i den store katedralen i Màlaga, og det fekk me innvilga, fortel Ragnvaldsen.

Millionbyen Màlaga er hovudstaden på den spanske solkysten. Katedralen ber tilnamnet «den einarma kvinna». Grunnen er at byggjekontoen vart tømd for det andre av dei to spira var ferdig bygt. Grunnsteinen vart lagt i 1528, men det skulle gå meir enn 250 år før kate­dralen stod ferdig.

– Me fekk halda konsert inne i katedralen, som del av ei messe. Det var mykje folk, og koret fekk syngja ein god del, seier ­dirigenten.

Korsongarane med fylgje budde ikkje i sjølve Màlaga, men i byen Benalmádena som ligg ein halvtimes busstur frå flyplassen.

Alhambra

Klippelandskapet Ronda – som både er kjent for sine mattradisjonar og sin vin – og Picasso-­museet i Màlaga fekk også gjesting av dei langvegsfarande songarane. Men den andre større konserten fann stad i det legendariske Alhambra-palasset i Granada. Alhambra er eit borgkompleks bygd av maurerane – arabarane som rådde over det som i dag er regionen Andalucía, på 1300-talet. Festningen er med på UNESCO si verdsarvliste og er ein av Spania sine største turistattraksjonar.

– Me song her og der inne i borga, fann stader der det var god akustikk, og folk strøymde til, fortel Ragnvaldsen.

Inviterte i bryllaup

Det er årsmøtet i manns­koret som avgjer kvar den neste Europa-turen skal gå. Kanskje vert det neste målet den grøne øya i vest.

– Det var eit irsk par som høyrde oss syngja, og dei likte det så godt at dei inviterte oss til å koma og syngja i bryllaupet når dei skal gifta seg til sommaren. I Irland har me heller ikkje vore før, seier Ragnvaldsen – som ikkje vil forskottera noko reisemål.

– Me har heller ikkje vore på Island eller Færøyane. Begge stader har dei solide kortradisjonar knytt opp mot songdanstradisjonane sine.

Så kanskje vert det Dale mannskor i vesterveg?

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.