annonse

Systrer på scena

KONSERT
KONSERT: Katarina og Emilie Instøy Sellevold gav minikonsert i Petersens Handleri laurdag. (Foto: Stian Jordalen)
KONSERT
KONSERT: Katarina og Emilie Instøy Sellevold gav minikonsert i Petersens Handleri laurdag. (Foto: Stian Jordalen)

Laurdag heldt to systrer konsert i Petersens Handleri på Dale.

Jan-Egil Dyvik

– Eg har berre fått gode tilbakemeldingar på denne minikonserten, seier Stian Jordalen, som også driv Petersens Handleri nedst i Gatå.

– Eg gjorde vel ikkje all verda med marknadsføring på førehand, men klarte likevel å fylla kafeen, og det er både eg og dei unge musikantane frå Vaksdal godt nøgde med, seier Jordalen.

Det var Katarina og Emilie Instøy Sellevold som stod for musikken, på keyboard, gitar og song.

– Dette var ein god måte, tykkjer eg å, å skapa ei oppleving, utan for mykje «ståk» på førehand, meiner Sellevold.

Folk sette pris på minikonserten, og dette kjem Jordalen til å gjera fleire gonger, seier han.

– Å lata unge musikarar få sleppa til lokalt på denne måten, er fint både for dei sjølve og alle som får høyra på. Ei fin laurdagsoppleving altså, meiner Jordalen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.