annonse

Til Voss paa ski i 1911

SKIGLEDE
SKIGLEDE: To skiløparar frå Norestronda, fotograferte i 1920-åra. Endre Mo til venstre, saman med Eilev Beggevik. Desse to var ikkje med på den omtalte turen, men stilen og utstyret var nok ikkje heilt ulik. (Foto: Privat)

Ei februarhelg i 1911 gjekk seks skiløparar frå Lusssand til Voss, for å sjå på hopprenn under Vestlandske Skistemna i Tråstølsbakken.

  • Redaksjon@avisa-hordaland.no

Den lange skituren er skildra av ein av deltakarane, i lagsboka til Norestrondi Grannalag. Han som skriv om turen, heitte Lars Gjerde, frå Varaldsøy. Han var lærar på Lussand og Tjoflót. Kven andre som var med på turen, veit me ikkje.

Vigleik Mo, Sigmund Myklatun, Guri Reisæter og Gunnar Kaland har teke vare på to lagsbøker frå dette grannalaget, og kan opplysa dette om Norestrondi grannalag:

– Gardane Lussand, Beggevik, Naustvik, Håstabba, Kvanndal og Tjoflót vart kalla for Norestronde. Dette fordi dei låg på nordsida av Hardangerfjorden i tidlegare Kinsarvik kommune. Norestrondi Grannalag vart skipa den 7. november 1909 på Naustflót, eit gardsbruk på Tjoflót. Me har funne to lagsbøker der «Redaksjonskontoret v/bladstyret» har skrive om hendingar og aktuelle saker i samfunnet. Skrive dikt og lesestykke om ting dei var opptekne av. Dei har laga eit lokalt blad kalla «Strendingen», som ikkje vart utgjeve, men samla i bøker. I siste boka står det: Strendingen, samlingsblad for Norestronds ungdomslag til opplesing i festar og ungdomsmøte. Det finst truleg ei bok til. Dersom nokon har kjennskap til denne boka, vil me gjerne vita om det.

«Til Voss paa ski»

Som unsnakt var, reiste med nedanfrå Norestrondi laurdagsmorgonen den 11/2. Meiningi var at me vilde vera og sjaa paa hopprennet i Traastølsbakken dagen etter. Me var 6 stykkje i lag. Eg tykte at veret var ikkje nett so lovande som dagane fyrr, det hengde neri nutane dei seir. Men eg tenkte som so at me kom no fram til Rong, og daa var me berga. Ukrudt forgaar aldrig, veit de, og so med oss òg. Drugt aa gaa uppgjenom lidi var det, og me var godt varme, daa me endeleg fekk spenna skiene paa. Men daa gleid det ogso lett burtyver viddene.

Det dreiv og snjoa litegrand, og so kom også skodda rekande, og gjorde sitt til at me laut gjeva oss tid. Det saag ikkje ut til å verta fint ver på turen. Men varmt var det so me trekte trøyene av og hadde i rjupesekken, og hadde so paa oss oljefrakkane i staden. Heisa dei so upp, som finnane i kuftene sine, og den bunaden hadde me paa langt heimetter Bordalen. Det var fint føre og snjoen «klabba» ikkje, men store skavlar var det mange stader, og no i skodde laut me vera vare so me ikkje skreid utfyre. Det leid vonom meir paa dag, naar me kom forbi Rong, og so bar det i vegen heimetter Bordalen. Dei snakkar um at dei hev lært aa byggja vegar etter som geiti gjeng, og det maatte sikkert vera tilfelle paa Bordalen. Sume stader bratt, so ein laut setja seg paa skistavane, og so kanskje eit mottak att til aa hogga seg frametter. Kortsagt, vegen ligg for det meste igjennom kvart gardstun heimetter. Me kom snart heimetter so me saag heim paa Vangen. Daa i skymti var det likevel svært lite aa sjaa, so me skunda paa. Siste luten av vegen fekk me skria nokso bra. Daa me kom fram til Gjøsteins hotel, der me skulde bu, var klokka alt 7 um kvelden.

Til Traastølen

Det var fint ver daa me vakna um sundagsmorgonen, og termometeret viste 12 grader kulde. Det var vettervêr av beste slag. Vossabygdi laag der so ven i dagningi. Det laag is paa vatnet og sume var alt ute paa isen og køyrde i slede. I 7-8-tidi reiste dei onnugaste skiskridarane uppetter for å nytta dagen so godt som raad var. Men me gav oss gode tider og reiste ikkje fyr klokka gjekk mykje mot 11. Det var i 1/2 1 hopprennet skulde byrja. Ja, endeleg byrja me og gaa uppetter vegen paa skiene. Baade store og smaa. Det tok yver timen for aa koma fram til skihytta, der det vanka kaffi, buljong, appelsiner m.m. Men dersom ein ville kjøpa kaffi, so laut ein vera budd paa aa slaast um koppane, sjølv um dei var aldri so hankalause. Omkring hytta var det eit yrande liv. Skilauparar alle stader. Snøføre var og i det heile bra, vel hardt kanskje sume stader.

So skulde me upp til hoppbakken, ein dugeleg bratt bakke var det. Ein av domarane, som skulde prøva hoppet fyrst, var so uheppen aa detta og skamfara handi si, so han laut trø attende fraa domarembetet.

I hopprennet var det innmeldt 62, som deltakarar. Det var mange som gjorde sers fine og lange hopp. 24-25 og 30 m var det mange som greidde. Den som hoppa lengst var Karl Hansen, Voss skilag, med 35 m staande og eit paa 37 1/2 m med fall. Daa me hadde sett fyrste hoppet fyr alle klassane, reiste me nedyver i strjukande renn og kom til Vangen kl 3.

Um kvelden var det premieutdeling og daa var det fælt til leven, med hurrarop og skraaling. Riktig indianarhyl stundom. Dei gav ikkje Abbesinarane paa Bergensutstillingi mykje etter i so maate. Dei som vann fyrstepremie var desse: Brynjulf Dolve i kl 1.A., Nils Rogne i kl 1.B. Ole Finne i kl 2, Per Kolderup i kl 3. Ekstrapremie fekk Johs. Gullbraa fyr beste tid i lengdelaupet paa 15-17 km. paa 1 time og 24 sek. «Damenes pokal» for finaste hopp fekk Johs Tvilde. Eg tenkte so vel dei kunde gjeva oss ekstrapremie og, fyr me hadde no streva oss yver fjellet fyr aa sjaa paa, men jau sa du smør, san. Og so vart me snurtne og reiste paa heimveg morgonen etter.»

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.