Tre nøtter på Bordalen

På Bordalen har born og vaksne­ i alle aldrar samla seg den siste tida for å spela inn sin eigen versjon av alles kjære­ Tre nøtter til Askepott.

Publisert 18.03.2017 kl. 12.02. Oppdatert kl. 07.37.

- Kom igjen no! Er de klare?

Det blæs på tunet til Torstein Herre, der Marit Norheim Olde står klar med filmkamera og prøver halda styr på tjue-tretti personar som er klare for inn­speling av opningsscena frå Tre nøtter til Askepott. Sjølv om vêret byrjar å verta surt, så er alle saman blide og engasjerte. Nesten heile Bordalen har samla seg for å gjera sin versjon av filmklassikaren.

SAMLAST. Innspelinga starta 5. mars, og det er sett av fem dagar der den siste vert i slutten av månaden. Denne veka var det mellom anna scener frå tunet der Askepott bur og filming av fylgjet til kongen og dronninga som stod på plakaten.

- Me gjer det for å laga moro og leika oss litt. Me må jo gjera noko moro sjølve, og ikkje berre sitja inne og sjå på TV, seier Norheim Olde lattermildt.

Ho meiner det er viktig å gjera ting saman i grenda, særleg etter at skulen vart lagt ned. Omkring 70 personar totalt­ er med på produksjonen.

- Det er veldig bra. Det handlar om å ha møteplassar når ikkje skulen lenger er det. Arenaer der me kan møtast, ha det moro og gjera positive ting i lag, seier Norheim Olde.

SAMAN: Mange frå grenda er med på innspelinga av bordalsversjonen av Tre nøtter til Askepott.

Ho fortel at folk er veldig flinke til å stilla opp.

- At folk vert med på denne galskapen her, er berre utruleg bra, seier ho og ler.

FLINKE. På tunet lèt borna som dei leikar­, eller går fram og tilbake. Gunnvor Litlere spelar Dora, og saman med Linn Rio som har fått rolla som stemora til Askepott, går ho rundt med tenestejenta på slep. Og det er ikkje lite som minner om filmen. Sjølve tunet og kostyma ser ganske så like ut.

- Me filmar ei scene til me trur det har vorte bra, fortel Norheim Olde.

Med seg på kamera har ho Oddbjørn Slåtten.

- Dei er veldig flinke skodespelarar. Ingen har gjort noko liknande før trur eg, seier han.

PRINSEN. Det er ikkje tvil om at dei som er med synest det er moro. Stadig bryt folk ut i latter gjennom innspelinga. Også fleire dyr har fått plass i filmen frå Bordalen, mellom dei ein sau og sjølvsagt fleire hestar. Det er Alexander Ydalus som har fått rolla som sjølvaste prinsen i filmen.

- For å førebu meg til rolla ser eg litt på den originale filmen. I tillegg har eg øvd litt på tsjekkisk, utan å gå for langt inn i det. Eigentleg prøver eg berre å ha det gøy, fortel han.

KJEND SCENE: Linn Rio (til v.) som stemora og Gunnvor Litlere som Dora. Her prøver dei å etterlikna scena då kongeparet vitjar garden for å invitera til ball.

Olav Terje Rio spelar læraren, men kjenner seg ikkje akkurat så veldig igjen i rolla.

- Nei eigentleg ikkje. Men det er no ei rolle eg tek på meg, så det går bra, seier han.

Gunnvor Litlere, eller Dora, fortel at det vert ein del arbeid med prosjektet.

- Men dette er samlande for oss i bygda og det er veldig viktig. At me gjer ting i lag, seier ho.

INNSPELING HER: Filminnspelinga denne veka var på tunet til Torstein Herre.


DYRA MÅ MED: Ørjan Himle spelar smeden.


LIKNAR OGSÅ: Jan Morten Rong har fått rolla som Vitek, den eine kompisen til prinsen.