annonse

UngOsa satsar på ny suksess

VIL HA ENDÅ FLEIRE MED
VIL HA ENDÅ FLEIRE MED: I samarbeid med hardingfela.no, inviterer Osafestivalen born og unge til kurs, konsertar, dansing og ein konsert der dei sjølve er musikarar. Her frå UngOsa i fjor. (Foto: Sara Finne)

Fjorårets nyskaping på Osafestivalen satsar på endå fleire deltakarar og endå større suksess i år.

Nils Kvamsdal

UngOsa er born og unge sin eigen festival i festivalen. I samarbeid med hardingfela.no, inviterer Osafestivalen born og unge til kurs, konsertar, dansing og ein konsert der dei sjølve er musikarar. Det er unge i alderen 7 til 18 år, som vert inviterte til helgesamling for hardingfelespelarar, toraderspelarar, songarar og dansarar.

Deltakarane på UngOsa får instruksjon av utøvarar på toppnivå. Danseinstruktørane Åsne og Sondre Haugen kjem frå gruppa Tinndølan som var på nære på å gå til topps i Norske talenter. Hardingfelespelarane får instruksjon av Alexander Aga Røynstrand og Maria Skjeldum Toppe. Lajla Renate Buer Storli tek seg av kvedarane på beste måte, og toraderspelarane får læra massevis av Ingrid Standal Sørheim og Anette Thorsheim.

I tillegg til alt dei får læra sjølve, får deltakarane også vera med på familiekonserten Den standhaftige tinnsoldat, og dei skal sjølve halda ein avsluttande konsert sundagen. Ein konsert som er del av det offisielle festivalprogrammet.

UngOsa er eit unikt kurs i fylkessamanheng, ifylgje prosjektleiar Magni Rossvold. I fjor var det stappfullt under avslutningskonserten i foajeen på Gamlekinoen, og stemninga var høg.

No vonar UngOsa at endå fleire enn dei 35 som deltok i fjor, melder seg på.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.