annonse

Ventar høg temperatur på 90-talsfest

90-TALSFEST
90-TALSFEST: Svenske Rednex er sjølvskrivne på ein kvar 90-talsfest med respekt for seg sjølv. 24. februar spelar dei i Voss Idrettshall. (Foto: Presse)

Svenske Rednex og tyske Italobrothers toppar artistlista på 90-talsfesten Minusgrader i ­slutten av februar.

Nils Kvamsdal

Skal ein laga ein truverdig 90-talsfest, er Rednex og superhiten Cotton Eye Joe sjølvskrivne.

Det tenkte nok også MultiEvent når dei planla sin dobla innandørs vinterfestival. For å få mest mogleg valuta for pengane og minska logistikkostnadene, vert det todagars vinterfestival i Førde og på Voss siste helga i februar. Dei artistane som spelar på Voss fredagen, spelar i Førde laurdagen – og omvendt.

For Rednex sin del vert det Voss og Voss idrettshall laurdag 24. februar. Og framleis er fire av dei originale medlemene frå 1994 med.

Tysk musikk

Det andre internasjonale namnet på artistlista er ItaloBrothers. Eit tysk dance-prosjekt som låg i toppen av VG-lista sist sommar med hiten Summer Air.

Tyskarane gjesta også VG-lista på Rådhusplassen i juni, der dei framførte både Summer Air og This Is Nightlife. ItaloBrothers er ingen ferskingar. Alt for ni år sidan toppa dei listene, den gongen med Stamp On The Ground.

Minusgrader

MultiEvent har valt å kalla vinter­festivalen for Minusgrader, men det vert garantert heitt nok i idrettshallen når 90-talsfetisjistane slår ut håret og herjar både i salen og på scena.

Av dei norske artistane som kjem, er det berre Gaute Orm­åsen som har opptredd på Voss tidlegare. Vidar Villa er Melodi Grand Prix-aktuell, og levert landeplaga One night stand i fjor. TIX er omtalt som Noregs russekonge og ein av dei mest strøymde artistane i landet, særleg kjent for eit vilt sceneshow. Også HEUX er ein av dei store russeartistane, kjent for å ha delt scene med artistar som Justin Bieber og hollandske Martin Garrix.

Kostyme

Kevin Boine har delteke i Norske Talenter, med låtar er strøymde både til gull og platina. Ein av dei beste liveartistane i landet.

8–10 artistar og 4 dj-ar det MultiEvent lovar vossingane.

Det einaste dei treng å gjera er å stilla i idrettshallen – gjerne iført autentisk nittitalskostyme – og frisyre.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.