SYSTRENE I LYST­HUSET: Heimen i Holmen, slik Catharine Kølle såg han. I lysthuset til venstre skimtar ein tre kvinner, kanskje dei tre systrene?

Virtuell akvarellutstilling med Catharina Kølle

Torsdag opna Universitetsmuseet og Universitets­biblioteket i Bergen ei nettutstilling med akvarellane til Catharine Kølle.

Publisert 17.02.2017 kl. 09.58. Oppdatert kl. 14.07.

Catharine eller «Jomfru Kølle» vert også kalla «Norges første kvinnelige fotturist». Ho vart fødd på skotårsdagen i 1788 som dotter av Cand.theol. Christian Kølle og Elisabeth Monrad. Ho var 19 år gammal då familien flytta til Holmen i Ulvik, der Catharine og to andre ugifte systrer vart buande livet ut.

Fødd inn i ein kondisjonert familie­ som ho var, fekk Catharine­ ei klassisk oppseding. Noko som mellom anna omfatta opplæring i akvarellmåling. Det fekk ho nytte av på sine tallause fotturar i inn- og utland. Catharine­ Kølle gjekk mellom anna to gonger til fots tvers gjennom Europa til Italia. På alle turane målte ho små detaljrike akvarellar. I alt 15 større reiser gjorde ho i åra 1826-58 og Universitetet i Bergen sit i dag på 250 akvarellar og 1850 sider med reiseskildringar og andre dokument etter Catharine Hermine Kølle.

Catharine Kølle braut totalt med kjønnsrollemønsteret i si samtid. Det var uhøyrt at eit einsleg kvinne gav seg ut på reis slik ho gjorde det. Seniorkonsulent Olav Søndenå ved Universitetsbiblioteket seier det slik: «Med solide beksømsko, vandrestav og pistol i sekken vandret Catharine kølle ut i verden og inn i historien, oppsiktsvekkende i sim samtid som enslig reisende kvinne, en barrierebrytende individualist i en tid da dette ellers var forbeholdt menn».

VOSSEVANGEN: Kyrkja og landskapet er det same, elles er det lite som minner om Vossevangen anno 2017.

Detaljrikdomen er noko av det som særpregar bileta til Kølle spesielt. Sjølv om akvarellane er små, er dei fulle av skarpe detaljar. Som i biletet av heimen i Holmen, der ein i lysthuset til venstre kan skimta tre kvinner gjennom sprinklene i veggen. Det kan godt vera dei tre Kølle-systrene me ser der.

Dei ansvarlege for utstillinga som opnar i dag er Marianne Paasche og Ola Søndenå frå Universitetsbiblioteket og Knut Olav Aslaksen frå Universitetsmuseet. Interesserte kan gå frå utstillinga opnar gå inn på linken: http://marcus.uib.no/exhibition/chk.

ØVRE GRANVIN: «Prospect fra Gaarden Velke i Graven» skreiv Kølle sjølv under denne akvarellen.


KYRKJA: Kyrkja i Granvin var tydelegvis ikkje kvitmåla på fyrste helvta av 1800-talet. Detaljrikdomen er stor. Legge merke til møkadungane under florsgluggane midt i biletet.