annonse

Vossa Jazz-prisen til sjokkert vinnar

VOSSA JAZZ-PRISEN:
VOSSA JAZZ-PRISEN: Anders Bitustøyl er årets prisvinnar under Vossa Jazz. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Anders Bitustøyl tok laurdag imot Vossa Jazz-prisen 2019.

Ørjan Brattetveit

– Årets prisvinnar er ein musikar som kryssar sjangrar med solid bassgang og har ei allsidig og imponerande liste over produksjonar, utgjevingar og konstellasjonar. Prisvinnaren er særs hardtarbeidande og er ei er viktig drivkraft i musikkmiljøet i fylket og innan fleire sjangrar: folkemusikk, reggae, pop, blues og jazz står på menyen til denne dyktige musikaren.

– For å nemna nokre frå ein vakker og variert bukett artistar prisvinnaren har spela med: Sigrid Moldestad, Transjoik, Bjørn Tomren, Karin Park, Øyvind Skarbø, Stein Urheim, Ylvis, Mads Berven, Mari Boine og Pedro Carmona-Alvarez. På Vossa Jazz har me høyrt han i ei årrekkje i ulike produksjonar og ensemble, både for vaksne og born. I går kveld kunne ein oppleva han som del av Spellemann-vinnar Jørgen Sandviks Permanent Vacation: Den 32. Vossa Jazz-prisen går til … Anders Bitustøyl, sa prisutdelar  Beate Husa.

Ho er leiar av kulturutvalet i Hordaland.

Tusen takk!

– Sjokk frå ende til anna, sa Bitustøyl då han til trampeklapp kom opp på scena i Vossasalen, der prisen vart dela ut like før tingingsverket vart framført.

– Eg vil få takka alle vakre musikarar eg får lov til å spela med.

– Tusen, tusen takk, sa Bitustøyl.

Fylkeskommunen

Vossa Jazz-prisen er gjeven av Hordaland fylkeskommune.

Prisen er på 50 000 kr, i tillegg eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat, laga av festivalkunstnar Tor-Arne Moen.

Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til heideren.

Olav Dale

Vossa Jazz-prisen vart delt ut for fyrste gong i 1988, då Olav Dale vart vinnaren.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse