annonse

Minnest kunstnaren Kvåle

PÅ PLAKATEN
PÅ PLAKATEN: Ivar Kvåle laga mange Vossa Jazz plakatar opp gjennom åra. Denne fargesprakande plakaten er frå 1994.
PÅ PLAKATEN
PÅ PLAKATEN: Ivar Kvåle laga mange Vossa Jazz plakatar opp gjennom åra. Denne fargesprakande plakaten er frå 1994.

UTSTILLING: – Ivar Kvåle var ein viktig mann for Vossa Jazz.

  • Knut Markhus | Tekst

- Me vil heidra han med denne utstillinga, seier Vossa Jazz- sjef Trude Storheim.

Minneutstillinga Ivar «Knipo» Kvåle opnar i morgon på Tre Brør Cafè, og er eit samarbeid mellom Vossa Jazz, Voss Kunstlag og avisa Hordaland. I ein mannsalder leverte Kvåle sine presise og friske kommentarar i avisa, i teiknings form under namnet «Knipo».

– Men på utstillinga er det ikkje først og fremst «Knipo» me møter, men den allsidige kunstnaren og musikaren Ivar Kvåle, seier Nils Kvamsdal, som skal opna utstillinga.

Luren syng framleis

Ivar Kvåle, som gjekk bort i haust, har sett djupe spor etter seg i vossabygda. Han var ein sentral mann i jazzmiljøet, og eit kjent og kjært innslag i Vossa Jazz var hans framføring av «Heime på steinane». Kvar festival opna slik, heilt frå 70-talet. Ivar Kvåle som på luren spelte denne opningshymna han laga saman med Per Indrehus.

Årets framføring av hymna vert også ei hylling av den fargerike kunstnaren frå Kvåle. No er det Jørn Styve som trakterer luren, som han fekk hjå Ivar Kvåle for nokre år sidan. Styve vil òg spela på utstillingsopninga.

Stort hjarta

Tanken om ei minneutstilling dukka opp i ein samtale mellom leiar i Voss Kunstlag, Laila Rynning Veum, og Vossa Jazz-sjef Trude Storheim.

– Eg trur det var ein felles idè som datt ned i oss. Det var ei kjenslemessig sak, at det var rett å ha ei markering første Vossa Jazz etter at Ivar Kvåle gjekk bort, seier Laila Rynning Veum.

Også familien til Kvåle likte tanken, og Rynning Veum gjekk ut i avisa og etterlyste Kvåle-bilete folk kunne ha i heimane. Responsen var enorm.

– Det er utruleg kor mange bilete som finst rundtom. Mange har fått helsingar og bilete av han, som er viktige for dei. Kvåle har vore svært gåvmild, og hugsa på unge, gamle, sjuke. Han hadde eit stort hjarta, seier Rynning Veum.

– Til slutt måtte me seia nei takk til fleire bilete, utan å sjå dei. For dette skal ikkje vera ei storslagen utstilling, men ei mindre minneutstilling på Tre Brør som er i hjarta på Vossa Jazz. Me har lagt vekt på å visa bilete som er relatert til musikk. Slik vart utstillinga litt tematisk etter kvart, fortel Rynning Veum, som ser for seg at det kan verta ei større utstilling ved eit anna høve.

Musikalske bilete

Ivar Kvåle var ikkje berre knytt til Vossa Jazz som musikar. Han laga fleire av festivalplakatane, og hadde festivalutstillingar.

– Det var slik eg møtte Ivar første gongen, under ei festivalutstilling han hadde i Gryto, fortel Nils Kvamsdal, ein av dei i avisa Hordaland som hadde eit nært forhold til kunstnaren.

Minneutstillinga vil òg innehalda foto som syner Ivar Kvåle i sitt ess, frå fotograf Vidar Herre si hand. Herre utformar utstillinga, saman med med Åshild Haugsbø frå Voss Kunstlag.

Under opninga vil musikarvenene Gunnar Eriksen (klarinett, song), Jostein Bøyum (trompet), Marit Isungset (kontrabass) og Bjørn Sandnes (gitar) spela. Utstillinga står til 10. april.km@avisa-hordaland.no

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.