Mambokameratane til Badnajazzen

Mambokameratane er klare for å servera heftige rytmar og spansk song på den siste dagen av Vossa Jazz.

Publisert 17.03.2017 kl. 10.08. Oppdatert kl. 10.32.

Årets urframføring på Badnajazzen er eit samarbeid mellom eit av Noregs leiande salsaband, nemleg Mambo Compañeros, og Badnajazzkoret, blåsarar og drilljenter frå Voss skulemusikk, i tillegg til strykarar og songarar frå Voss kulturskule. Dansarar frå kulturskulen skal også vera med.

- Dette vert veldig bra. Eg trur det vert kjempegøy, seier Vossa Jazz-leiar Trude Storheim.


Store forventningar

Badnajazzkoret fekk notane rett etter jol, og har øvd sidan då. Under øvingshelga på Voss folkehøgskule var Kåre Kolve og Morten Huuse frå Mambo Compañeros til stades for å øva saman med borna på sju cubansk-inspirerte songar.

- Eg har store forventningar, og det går så det susar, seier Kolve.

Bandet starta å samarbeida med kulturskulen i fjor, og dette vert tredje samarbeidet i rekkja til no. Kvar gong med litt ulikt ensemble.


Vidarefører tradisjon

Både Kolve og Huuse lét seg imponera av dei flinke borna.

- Det er veldig kjekt å jobba med born. No vidarefører me ein tradisjon i Vossa Jazz, og det tykkjer eg er morosamt å få vera med på, seier Huuse.

I tillegg til tingingsverket på Badnajazzen skal Mambo Compañeros også spela eigen konsert på Vossa Jazz, då på laurdagen. Bandet er sett saman av Kolve og Huuse pluss Alexander Fernandez, Luison Medina, Bjørnar Søreng, Magnus Forsberg, Kjetil Sandnes og Morten Schrøder.