SISTE STUMFILM: Kristine Valdresdatter er den siste norske stumfilmen som vart laga, i 1930.

Ny musikk til gammal stumfilm

Ei av dei mest spesielle hendingane på Vossa Jazz 2017 vert utan tvil framvisinga av stumfilmen Kristine Valdresdatter. I Gamlekinoen, og med ny musikk.

Publisert 17.03.2017 kl. 08.13. Oppdatert kl. 10.31.

Å skriva ny musikk til ein norsk nasjonalromantisk stumfilm er kanskje ikkje noko ein kjem på av seg sjølv. Det er helst noko ein vert spurd om å gjera.

- Ja, det var Jørn Hilme-stemna, i Valdres - naturleg nok, som kom på at dei skulle spørja meg om eg kunne tenkja med å skriva musikk til Kristine Valdresdatter. Eg har aldri sett musikk til bilete før, men etter å ha tenkt litt att og fram, sa eg ja. Men eg måtte få sjå filmen fyrst.

FILMKOMPONISTEN: Anders Røine fekk Spellemannpris for musikken han laga til filmen Kristrine Valdresdatter, sjølv om han aldri hadde laga filmmusikk før. FOTO: NILS KVAMSDAL

Kontrastar

Det fekk sjølvsagt multimusikaren Anders Røine, og det var som han mistenkte:

- Her var det fyrst og fremst nasjonalromantikk og ikkje så mykje realistisk handling.

Så korleis skal ein skriva musikk til den siste norske stumfilmen, laga i 1930 av Rasmus Breistein - same karen som stod bak stumfilmen Brudeferden i Hardanger?

- Det var sambuaren min som kom med løysinga: Du må tenkja kontrast!

Slik vart det. Anders Røine sette seg ned og fabulerte over nokre musikalske idear, men skikkeleg fart i arbeidet vart det fyrst då han sette seg til å sjå på filmen, samstundes som han improviserte fram musikk - med opptakaren på.

- Det vart den meste morosame måten å jobba på.


Spellemann

All musikken Røine laga til Kristine Valdresdatter har sin basis i slåttespel og kveding.

- Men slåttespel og kveding er solistisk, og straks du legg på meir musikk tek det deg i ei eller anna retning.

Resultatet vart uansett så strålande at Røine fekk Spellemannprisen i folkemusikklassa.

- Ja, dæven. Det var ikkje verst! Det sette eg stor pris på, sjølv om eg veit at både nominasjon og kåring også handlar om litt flaks. Med ein annan jury hadde det kanskje vorte heilt andre nominerte og ein annan vinnar. Men kjekt var det!


Gler seg

Røine, som sjølv spelar gitar, fele, langeleik og munnharpe, i tillegg til at han syng, har vore på to turnear i Valdres med denne musikken, saman med Marit Kalberg (vokal), Sondre Meisfjord (bass) og Hans Hulbækmo (munnharpe, sag og trommer). Å få koma til Voss og få til ei filmframsyning i Gamlekinoen att, gler han seg stort til.

- Det er ein fantastisk fin sal og alltid så god stemning der. Men det vert spennande. Forstår at Cinemateket i Bergen skal bruka flammedriven framvisar, så eg er spent på om farten vert som han skal vera. Heldigvis kan eg filmen utanboks no, så eg får fylgja med og laga til noko viss eg ser at me ikkje lenger er heilt i takt. Det kan verta spennande!