annonse

Vossakunst til Eidfjord

Naturen byr på evig inspirasjon for dei fire kunstnarane som skal opna utstilling i Galleri N. Bergslien på fredag. Frå venstre
FIRE NATURALISTAR: Gjermund Valland, Eli Wenche Lund-Johansen, Grete Andersen og Åshild Haugsbø. (Foto: Nils Kvamsdal)

+ I dag set fire kunstnarar frå Voss kursen for Eidfjord. Der skal dei opna utstilling på fredag, i Galleri N. Bergslien.

Nils Kvamsdal

– Galleri Bergslien hadde fått eit forfall, og så spurde dei Lise Nilsen om ho trudde det var kunstnarar på Voss som kunne tenkja seg å stilla ut.

Ho sende meldinga vidare til alle medlemene i Kunstvandring på Voss, og det var mange som melde si interesse, trass i kort varsel, forklarar Åshild Haugsbø – ein av dei fire kunstnarane som deltek på utstillinga som opnar fredag, og som skal stå heilt til 8. juli.

Tematikk

Mellom dei mange søkjarane, kom galleriet i Eidfjord til at det var fire kunstnarar som reint tematisk passa saman. Det var Grete Andersen, Gjermund Valland og Eli Wenche Lund-Johansen, i tillegg til Åshild Haugsbø. Eidfjørene valde å kalla utstillinga Fjord og Fjell, og alle dei fire kunstnarane brukar naturen som utgangspunkt for bileta sine, på kvar sine måtar.

Alle dei fire kunstnarane er også naturalistar. Valland brukar oljemåling. Andersen målar i akryl, Lund-Johansen teiknar med tusj på lange tapetremser og Haugsbø kallar sin sjølvutvikla teknikk for måleri med silketrykk, der bileta er avsette på plater av aluminium eller pleksiglas.

– Galleriet fann fleire andre interessante kunstnarar, så her kan det verta fleire utstillingar. Alt no er det vel klart at ein av kunstnarane frå Kunstvandring på Voss skal ha separatutstilling i Galleri Bergslien neste vår, seier Åshild.

Fjord og Fjell

Det er eit relativt stort galleri som skal fyllast av kunstnarane frå Voss, og då Hordaland møtte dei tidleg tysdag morgon var dei litt usikre på kor mange arbeid utstillinga kom til å omfatta. Både Valland og Andersen har sju-åtte bilete kvar, Lund-Johansen har ein montasje der sju tre meter høge og 30 centimeter breie striper heng side om side og skal fylla eine kortveggen, medan Haugsbø ville ta med «litt ekstra» i bilen og gjera utvalet når monteringsarbeidet starta i dag.

Fjell-motiva dominerer både hjå Grete og Åshild, medan kvemmingen Gjermund er fjord-alibiet i utstillinga. Wenche sine arbeid skil seg ut, både i form og ved at ho utforskar fossefallet sine skulpturelle eigenskapar.

For sal

Dei aller fleste arbeida er for sal, men ettersom alt på utstillinga er originalar, må nok interessert kjøparar slå seg til tols og venta til utstillinga er ferdig i juli før dei får kunsten i hus. Mest spanande er det viss det dukkar opp langvegsfarande cruiseturistar som skal ha kunsten sendt heim over store avstandar. Slikt kostar, både i frakt og forsikring.

Når utstillinga opnar fredag, er det Eidfjord kommune sin kultursjef Lisbeth Bygstad Celik som held opningstalen. Og jammen har dei ikkje fått med seg den unge meisterspelemannen Alexander Aga Røynstrand frå Granvin til å spela under opninga.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.