annonse

Vossakvinne i styret i Noregs Mållag

I NOREGS MÅLLAG
I NOREGS MÅLLAG: Helene Urdland Karlsen, opphavleg frå Raundalen, er ny styremedlem i Noregs Mållag. (Foto: Privat)

Helene Urdland Karlsen, opphavleg frå Voss, er valt inn som ny styremedlem i Noregs Mållag.

Geir Geitle

Noregs Mållag hadde sitt 100. landsmøte i Vinje i Telemark denne helga.

Helene Urdland Karlsen, tidlegare leiar av Oslo Mållag, vart valt inn som ny styremedlem av ein rekordstor møtelyd.

I Oxford, England

– Eg set uhorveleg stor pris på den tilliten landsmøtet har vist meg, og eg gler meg til å gå i bresjen for målsaka att, seier nyvalde Urdland Karlsen.

Sjølv fylgde ho landsmøtet frå utlandet.

– Denne våren jobbar eg frilans som lingvist og leksikograf frå Oxford, England. Eg skulle så gjerne ha teke del i ferdaminnet frå Vinje, men det laga seg ikkje med reise denne gongen.

Ny i styret er òg Mariann Schjeide, leiar av Norsk Bibliotekforening. Magne Aasbrenn fekk attval som leiar. Det same gjorde nestleiar Jens Kihl og styremedlemene Peder Lofnes Hauge, Inger Johanne Sæterbakk og Fredrik Hope, opplyser mållaget i ei pressemelding.

– Nynorsk treng støtte

– Det blir ein spennande styreperiode, seier Helene Urdland Karlsen. Det er ikkje lite me skal ta for oss. Eg gler meg kanskje aller mest til å losa i hamn ei språklov saman med kulturministeren. Det er viktig at denne språklova vidarefører jamstillingsvedtaket mellom bokmål og nynorsk. Nynorsk og bokmål er to likeverdige språk. Nynorsken er likevel eit mindre brukt språk, og han treng støtta som ligg i eit slikt vedtak.

I den fireårige arbeidsperioden vil Mållaget òg arbeida for meir nynorsk i skulen og i kommunane og fylka. For at den digitale skulekvardagen kan vera nynorsk, må me arbeida for at det blir utvikla gode nynorske digitale læremiddel, poengterer Helene Urdland Karlsen.

– Me må òg passa på at dei store straumdraga i samfunnet ikkje påverkar målstoda i ei negativ lei. Kommunesamanslåingane må ikkje føre til at nynorskbrukarane møter mindre av språket sitt, heller omvendt.

Kjem frå Raundalen

Helene Urdland Karlsen, er som namnet tilseier, oppvaksen på Urdland i Raundalen.

Ho har i ei årrekkje arbeidd som leksikograf, og har vore redaktør for Nynorskordboka og Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet.

Før årsskiftet gjorde ho seg ferdig med fullrevideringa av Cappelen Damms Norsk Ordbok–Bokmål.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.