annonse

Vossarebels i Norske talenter

VOSSAREBELS
VOSSAREBELS: Dei fire vossingane er med i årets sesong av Norske Talenter. Jakob Sjøtun (t.v.), Sondre Hegg, Eivind Styve og Sondre Styve. (Foto: TV 2)
DOMMARANE
DOMMARANE: Mia Gundersen (t.v.), Mona Berntsen, Bjarne Brøndbo, Janne Formoe. (Foto: TV 2)

Fredag kveld er Vossarebels ein av 12 deltakarar i Norske talenter på TV 2.

Nils Kvamsdal

The Vossarebels er fire vossingar som spelar rockabilly, og no skal dei altså vera med i Norske Talenter 2018.

Dommarane Mia Gundersen, Mona Berntsen, Janne Formoe og Bjarne Brøndbo kan få ein hard tørn med å plukka ut kven som skal gå vidare, for deltakaren representerer eit vidt spekter, frå song, musikk og dans til hundeshow, magi, illusjon og imitasjon.

Gruppa Vossarebels består av Eivind Styve på trommer, Sondre Styve på bass, Jakob Sjøtun på gitar og Sondre Hegg på gitar og vokal.

Dei starta bandet i februar i 2010, og har blant anna spelt på tv og radio.

Til sommaren skal dei spela på fleire festivalar i landet.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse