Betaling av abonnement
Abonnementet på Hordaland er løpande. Avisleveringa skal forskotsbetalast regelmessig avhengig av den betalingsterminen abonnenten har valt. Abonnenten kan når som helst seie opp abonnementet med minst 7 dagars varsel.
Vi gjer merksam på at Hordaland atterheld seg når som helst retten til å endre prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane vert kunngjort gjennom annonsar seinast 14 dagar før dei vert sette i verk. Dei nye prisane vert også gjort gjeldande abonnement som før prisendringa er forskotsbetalt etter tidligare pris.
Mellombels opphald
Ved mellombels opphald i avisleveringa kortare enn 60 dagar vert det ikkje gitt frådrag i abonnementsprisen for dei første seks dagane – på grunn av administrasjonsutgifter.
Flytting av avisa til ferieadresse i utlandet
Du kan ta med deg avisa til din ferieadresse i utlandet. Det er viktig å vere merksam på at dette skjer på eige ansvar for deg som abonnent. Du pliktar å melde frå dersom avisa uteblir. Dersom du ventar lenge med å seie frå, vil ikkje manglande avis bli kreditert.
Uteblitt avis
Om avisa uteblir pga. streik, lockout eller andre leveringsproblem, vil vårt erstatningsansvar avgrensast oppad til det abonnenten har betalt for tilsvarande tidsrom.
Ved uteblitt eller vesentleg forseinka avis, vil Hordaland uansett årsak godskrive abonnenten det som er betalt for avisa i tilsvarende tidsrom føresett at kunden snarast melder frå om uteblitt avis. Som vesentleg forseinka avis reknar ein avis levert 3 timer seinere enn Hordaland si målsetjing for levering. Dersom abonnenten konstaterar at uteblitt eller vesentleg forseinka avis ikkje er kreditert ved fakturering, må han kontakte oss for avrekning.
Dersom avisa uteblir eller er vesentleg forseinka av andre årsaker enn leveringshindringar utanfor Hordaland sin kontroll og abonnenten har kjøpt dagens avis i forretning, kan abonnenten i tillegg krevje dekka prisskilnaden mellom avisa sin utsalspris og abonnementspris.
Før dekningskjøp vert gjort må abonnenten ha gjeve Hordaland særskilt melding om heving. Slik melding kan gjevast på tlf. nr. 56 53 03 06. Abonnenten må innan 30 dagar etter dekningskjøpet sende inn kvittering for utført kjøp av dagens avis. Abonnenten kan krevje å få dekket utgifter til porto, telefon og liknande i samband med reklamasjonen. Hordaland er ikkje under noko tilhøve ansvarleg for indirekte tap.
Leveringsfristar:
Tysdag og torsdag kl. 07.00.
Laurdag kl. 08.00.
For postleverte aviser gjeld Posten sine leveringsvilkår.
Om kunden omadresserer avisa i ferieperioden, kan det tilkomme ekstra kostnadar. Eventuell kostnad vert lagt til første fakturering etter at kunden har returnert til heimeadressa.
Ved omadressering til utlandet garanterer ikkje Hordaland for sendinga av avisa, og kunden må sjølv dekke tapet av ev. uteblitt avis.
Korleis finn eg mitt kundenr./abonnementsnr.?
Du finn ditt kundenr./abonnementsnr. på fakturaen din. Du kan også ringja abonnementsavdelinga på telefon 56 53 03 06 eller senda ein epost til abonnement@avisa-hordaland.no.
Rettigheiter eAvis
Alt offentleggjort materiale som tekstar, artiklar, nyheiter, fotografi, grafikk og anna, vert stilt til rådigheit for vising og lesing. Du kan laste ned, og skrive ut en enkel kopi av materialet til ditt eige bruk.
Din brukarID og ditt passord til Hordaland sine Internett-produkt må ikkje delast med andre enn medlemer av husstanden din. Viss du deler din brukarID og/eller ditt passord eller på annan måte misbrukar Hordaland sine tenester, atterheld Hordaland seg retten til å stengje tilgangen til din brukar med snarleg verknad, samt at du mistar retten til produkt og tenester du eventuelt har kjøpt tidlegare.
