annonse

Retningslinjer

Hordaland fylgjer retningslinjene som er fastlagde i Mediebedriftenes Landsforenings (MBL) sine reglar om annonsepraksis.

  • Avisa fylgjer MBL sine tekniske reglar for annonsemateriell til dagspressa.

  • Annonsar som er av redaksjonell karakter og form, må vera merka med "Annonse" på eiga linje øvst til venstre.

  • Hordaland tek atterhald om retten til, om nødvendig, å forskyva innrykk av ein annonse, føresett at teksten i denne ikkje tidsbestemmer innrykk.

  • Avisa har ikkje ansvar for feil i materiell motteke frå annonsør eller annonseformidlar. Ved kundekorrektur er de sjølve ansvarlege for å oppdaga feil.

  • Vert ein oppsett annonse ikkje innrykka i løpet av 30 dager, vert annonsa makulert, og kostnadane for satsarbeidet skal betalast av ordregjevaren.

  • Feil i andre aviser som fylgje av materiellevering er avisa ikkje ansvarleg for.

  • Annonsar i oppslag og uregelmessige forma annonsar må avtalast spesielt.

  • Avisa vår tek atterhald om at me kan koma til å avslå å ta inn annonsar som på grunn av innhald eller utforming strir mot avisa si etiske norm og regelverk (f.eks annonsar for pornografi og rasisme).

  • Annonsar vert alltid sett med rettskrivinga som avisa til ei kvar tid brukar, med mindre anna er avtalt med annonsøren.

  • Reklamasjonar på annonsen må framstillast omgåande og seinast innan 14 dagar etter innrykk.

  • Når det er mogleg, bør feil påpeikast straks, slik at feilen kan rettast ved heilt eller delvis nytt innrykk. Avisa sitt ansvar ved feil avgrensar seg til maksimum prisen av annonsa. Reklamasjon på faktura må framstillast 8 dagar etter at den er motteken.

  • Avisa vår oppbevarer alt ferdig levert annonsemateriell etter innrykk i ein månad. Avisa utleverer ikkje nytta annonsemateriell dersom det ikkje er gjort spesiell avtale om dette.

  • Annonsar som er utforma av avisa vår, er avisa sin eigedom. Dersom du ynskjer å bruka annonsen i en annan samanheng, må du innhenta godkjenning frå avisa. For slike annonseavtrykk vil annonsøren verta fakturert i samsvar med prislista til dagspressa.

  • På fakturaene våre vil forfallsdato alltid koma fram. Betaling skal vera avisa vår i hende innan denne datoen. Ved forseinka betaling krev me inn forseinkingsrente i samsvar med "Lov om renter ved forsinket betaling" av 17.12.1976. Forfall er 14 dagar frå fakturadato. Etter forfall vert det rekna forseinkingsrente, 12 % i året. Beskjed om deling av annonsefaktura må gjevast ved bestilling. Me har eit purregebyr kr 57,-.

  • Det er ikkje reklamasjonsrett ved for seint levert materiell.

  • Eventuell avbestilling av annonsar må skje før utløpet av innleveringsfristen, elles vert det rekna 40 % av annonseprisen. For annonsar som er bestilte på spesialsider og fargeannonsar på tekstside, må avbestilling skje innan 10 dagar før innrykksdag. Annonsar av denne typen som vert avbestilte etter denne tida, vert fakturerte med 40 % av annonsesummen.

  • Annonsefrist er innan kl 12.00 to virkedager før innrykk.