annonse

Teknisk Informasjon

Rasterlinjer:
40 linjer/cm.

Filoverføring:
Send PDF-fil oversendt via NADA eller NADA Express. Sjå www.nada.no. Det er svært viktig at filene er merka med innrykksdato dag/månad, kunde og stikkord. Døme: 19_02_2008_Labo_stilling.eps. Du kan også senda e-post til annonse@avisa-hordaland.no med annonsen som vedlegg. Hugs info om innrykksdag, plassering og rekningsbetalar.

Filformat:

Me ynskjer postscriptfiler PDF eller proscriptet EPS slik at alle element som bilete, logoar og fontar som høyrer til annonsen, kjem med. Annonsen må vera produsert etter bestilte mål. Når ein vel rette postscript-driver, let det seg gjera å inkludera fontane i fila. Annonsar laga i Word kan ikkje reknast som ferdigmateriell. Heller ikkje annonsar som er sendt som QuarkXpress/InDesign-dokument, kan reknast som ferdigmateriell. Fontar skal vera av type 1, dvs. PostScriptfonter.

Oppløysing:
Bilete bør ikkje ha høgare oppløysing enn 200 dpi eller mindre enn 150 dpi. Høgare oppløysing medfører berre større filer og lengre overføringstid. Beskjeringar bør skje i biletbehandlingsprogram. Bilete skal vera høgoppløyselege, og ikkje OPI. Strekbilete bør ikkje ha høgare oppløysing enn 600 dpi, eller mindre enn 400 dpi.

Fargeannonsar:
Annonsar må ikkje innehalda RGB, Index eller Pantonefargar. Logoar og bilete som er henta frå Internett kan me ikkje garantera bra trykkresultat på.

Svart/kvitt-annonsar:
Svart/kvitt-annonsar må ikkje innehalda farga element.

Spotfargar:
Ekte spotfargar skal ikkje nyttast. Alle fargeverdiar skal vera jamne i CMYK.

Nett:
Image: JPG/JEPG eller GIF. Rich media: SWF, HTML eller Redirect TAG.

Url som annonsen skal linkast til må vera vedlagt. Ved flash/ html-annonsar må det leggjast til rette for at lenkja vert opna i eit nytt vindauge.
Filnamna må innehalda formatet for fila i filnamnet. Filnamnet må ikkje innehalda store bokstavar, mellomrom, teikn eller bokstavane æ, ø og å.
Ved bruk av flash-annonsar MÅ det alltid leggjast ved ein Fallback-annonse (.gif eller .jpg), slik at brukarar som ikkje har Flash Player eller har ein eldre versjon av Flash Player også får opp annonsa.

Materiellfrist:
Korrekt laga materiell skal leverast minst 3 dagar før kampanjestart.

Spesialkonsept (expanding banners, lokal tilpassing, feed av film etc.) har 5 verkedagar.

Tillaten filstorleik:

  • 980 × 150 max 47 kb
  • 180 × 500 max 47 kb
  • 480 × 150 max 47 kb

Lyd:
Lyd er berre tillete når lesaren/brukaren sjølv kan aktivera lyden med klikk. Lyd ved mouse-over er i utgangpunktet ikkje tillete (må då stansa ved mouse-out). Kvart enkelt tilfelle må godkjennast spesielt. Annonsen må vera merka med eit lydsymbol. Me tek atterhald om retten til å nekta enkelte lydar.

Feed:
Filer som vert "loada" ved mouseover er berre tillete dersom fila er på max 100kb. Tyngre filer må godkjennast på førehand og me tek atterheld om retten til å avvisa. Kvart enkelt tilfelle ved "loading" av filer må avtalast på førehand. Film som skal køyrast gjennom "mediaspelar" må avtalast på førehand.
Det må i kvart enkelt høve gjerast avtale på førehand dersom feed skal verta "hosta" på annan server enn NR1 interaktivs annonsestyringssystem.

clickTAG:
Clicktag gjer det mogleg å registrera talet klikk på ein annonse. Koden vert lagt til som ein "action" for ein knapp.

Dette vert gjort på følgjande måte:

ClickTAG:
on (release)
{getURL(_root.clickTAG, "_blank");