annonse

Avis i skolen

Kva er Avis i skolen?

Føremål: «Avis i skolen» skal arbeida for at born og unge skal verta aktive brukarar og medvitne lesarar av aviser på papir og digitalt, med fokus på å stimulera elevane sine leseferdigheiter, interesse for samfunnsspørsmål og medverknad i demokratiske prosessar.

«Avis i skolen» (AiS) vart organisert som eiga landsomfattande verksemd i 1971 med føremål å etterutdanna og kursa lærarar, og å utgi læremateriell.

AiS gjev ut undervisningsmateriell med serien «Avis - eit massemedium» som hovudhefte.

Medlemsaviser i Mediebedriftenes Landsforening (MBL) står bak AiS.

«Avis i skolen» i regionane vert dreve av medlemsaviser i lokale avisforeiningar.

AiS skal fremja leseevne og leselyst, avis- og mediekunnskap, og bruk av avis som læremiddel i ein notidsrelatert og aktuell skule.AiS samarbeider med lærarar, skular og offentlege myndigheiter om kurs, rettleiings- og materielltilbod.

AiS er forankra i avisa si samfunnsrolle, og står utanfor den kommersielle konkurransen mellom aviser.

Les og lær meir om Avis i skolen her.