annonse

Om trykkeriet

Kvalitet og service

Trykkeriet legg vekt på høg kvalitet og god service. Ein har difor innført lineær repro med fargestyring i heile produksjonskjeden. Dette gjev god kvalitetsstyring og full kontroll over framstillinga av det trykte produktet.
I samarbeid med leigetrykkskundane gjennomgår me produksjonsretta kvalitetssikringstiltak for å oppnå best mogleg trykk.
 

Produkt

I tillegg til å trykkja eiga avis, trykkjer me VaksdalPosten.
Me trykkjer òg reine reklameaviser, og reklameaviser med redaksjonelt innhald. For tilbod, prisar og meir informasjon om trykkeoppdrag, ta kontakt med marknadsavdelinga.
 

Pressa

Hordaland Bladdrift AS kjøpte det første 4-høgds trykktårnet av typen Global Web i 1998. Sidan den gong har det kome tre trykktårn til av same merket.
Trykkeriet er eit moderne trykkeri som pr. idag kan trykkja 32 sider fullfarge, og 16 sider svart.
 

Distribusjon

Distribusjon vert ordna etter ynskje frå kunden. Kvart oppdrag har ulike krav til produksjon, trykk og distribusjon.
Me tek gjerne heile oppdraget for deg!

Ta kontakt for ein prat og for eit uforpliktande tilbod:

Leiar trykkeri - Svein Henning Soldal - tlf. 404 19 955
E-post: shs@avisa-hordaland.no