Trykkeriet vårt held til i 1. høgda i avishuset på Svartenakken.
Kvalitet og service
Trykkeriet legg vekt på høg kvalitet og god service. Ein har difor innført lineær repro med fargestyring i heile produksjonskjeden. Dette gjev god kvalitetsstyring og full kontroll over framstillinga av det trykte produktet.
I samarbeid med leigetrykks-kundane gjennomgår me produksjonsretta kvalitetssikringstiltak for å oppnå best mogleg trykk.
Produkt
I tillegg til å trykkja eiga avis, trykkjer me Vaksdal Posten.
Me trykkjer òg reine reklameaviser, og reklameaviser med redaksjonelt innhald. For tilbod, prisar og meir informasjon om trykkeoppdrag, ta kontakt med oss på marknadsavdelinga.
Pressa
Hordaland Bladdrift as kjøpte det første 4-høgds trykktårnet av typen Global Web i 1998. Sidan den gong har det kome 3 trykktårn til av same merket, og ein fals som er siste investeringa så langt på trykkeriet.
Trykkeriet er eit moderne trykkeri som pr idag kan trykkja 32 sider fullfarge, og 16 sider svart.
Distribusjon
Distribusjon vert ordna etter ynskje frå kunden. Kvart oppdrag har ulike krav til produksjon, trykk og distribusjon.
Me tek gjerne heile oppdraget for deg!
Ta kontakt for ein prat og for eit uforpliktande tilbod:
Leiar trykkeri– Svein Henning Soldal – tlf. 404 19 955
E-post: shs@avisa-hordaland.no


