Kva er Avis i Skolen
Føremål: ”Avis i Skolen” skal arbeida for at born og unge skal verta aktive brukarar og medvitne lesarar av aviser på papir og digitalt, med fokus på å stimulera elevane sine leseferdigheiter, interesse for samfunnsspørsmål og medverknad i demokratiske prosessar.
”Avis i Skolen” (AiS) vart organisert som eiga landsomfattande verksemd i 1971 med føremål å etterutdanna og kursa lærarar, og å utgi læremateriell.
AiS gjev ut undervisningsmateriell med serien “Avis – eit massemedium” som hovudhefte.
Medlemsaviser i Mediebedriftenes Landsforening (MBL) står bak AiS.
”Avis i Skolen” i regionane vert dreve av medlemsaviser i lokale avisforeiningar.
AiS skal fremja leseevne og leselyst, avis- og mediekunnskap, og bruk av avis som læremiddel i ein notidsrelatert og aktuell skule.AiS samarbeider med lærarar, skular og offentlege myndigheiter om kurs, rettleiings- og materielltilbod.
AiS er forankra i avisa si samfunnsrolle, og står utanfor den kommersielle konkurransen mellom aviser.


