ANONYME: Anders Lid Toskedal (11) og Hedda Straume Fyllingslid (11) frå Stanghelle har vore med på å laga eigne nettvitreglar for born. Sjølv er dei bevisste på at dei ikkje vil ha så mange bilete på nettet av seg sjølve. FOTO: Ingerid Jordal

Kvart fjerde barn har vorte mobba på nett

- Det er viktig å tenkja over kva ein legg ut, seier Hedda (11) og Anders (11).

Publisert 17.02.2017 kl. 09.54. Oppdatert kl. 14.11.

Borna på Stanghelle sine nettvit-reglar

. Om du vert mobba på nett, fortel det til ein vaksen

. Tenk deg om før du legg ut noko på nett

. Ikkje send bilete av deg til folk du ikkje kjenner

. Tenk deg om før du deler informasjon om deg sjølv

. Ikkje gje opplysningar om bankkortet ditt til framande

. Vit kven du snakkar med

. Ikkje plag eller mobb andre på nettet

. Ikkje legg til folk som du ikkje kjenner på sosiale media

. Ikkje legg ut bilete av andre utan at du har fått lov til det

. Ikkje gå inn på ulovlege nettsider

. Ikkje lat som om du er nokon andre på nettet, vær ærleg i plassen

- Det finst to bilete av meg på nettet­. Det eine er frå Vaksdalsposten då eg fylte elleve år. Og det andre er frå då eg vart Vaksdalsmeister i badminton, seier Anders Lid Toskedal (11).

Anders og Hedda Straume Fyllingslid (11) går i sjette klasse på Stanghelle skule. Førre veke brukte dei ein heil skuledag på å snakka om nettvit for born. Og no har dei begge full kontroll over kva som kjem opp om dei googlar sitt eige namn.

- På mitt namn kjem det opp eit bilete frå då eg vart intervjua av BT då eg var mindre. Saka handla om at det var varmt ute, og eg har på meg badetøy. Eg synest ikkje det gjer noko, men eg hadde eigentleg ikkje tenkt over at det biletet kjem til å liggja­ på nettet for alltid, seier Hedda.

FEKK STYGGE KOMMENTARAR. Elevane på Stanghelle brukte nettvit-dagen til å laga sine eigne nettvit-reglar. Ein av dei viktigaste reglane dei kom fram til, var at ein ikkje skal skriva stygge ting om andre på nettet. Ei undersøking av Medietilsynet viser at kvart fjerde barn mellom 9 og 16 år faktisk har opplevd å verta mobba over nettet.

STOPP, IKKJE MOBB: Ein av fire born har opplevd å verta mobba på nett. - Ein må tenkja seg om før ein skriv ting om andre, seier dei.

- Det er ikkje berre på sosiale media det føregår nettmobbing, det kan også skje gjennom online-spel. Ein gong eg spela Minecraft var det ein som kommenterte at eg spelte skikkeleg dårleg, seier Anders.

Hedda har også opplevd å få ein ubehageleg kommentar på appen «Musically», der ein lagar videoar av seg sjølv medan ein mimar til ulike songar.

- Plutseleg kom det inn ein kommentar frå ein eg ikkje kjende. Det sto på engelsk, så eg forstod ikkje alt. Men eg fekk kjensla av at det sto noko stygt om meg der. Og det var ikkje ei god kjensle, seier Hedda.

SPØR FØR DU LEGG UT. Nett­mobbing kan også skje på andre vis enn gjennom stygge kommentarar, fortel borna.

- Ein kan ta eit bilete som andre har lagt ut på nettet, og gjera noko stygt med det, leggja på ein snurrebart eller noko, seier Anders.

Det er heller ikkje bra å leggja ut bilete av andre på nettet utan at dei veit om det. Ein bør alltid spørja folk om lov fyrst, meiner sjette­klassingane.

- Ein gong var det ei venninne av veslesystera mi som la ut eit bilete­ av veslesystera mi på Snapchat, utan at ho visste om det. Det er ikkje heilt greitt, seier Hedda.

BILETE PÅ NETTET: Ein må spørja om lov før ein legg ut bilete av andre på nett, seier Anders. FOTO: Ingerid Jordal

VIL VERA ANONYME. Hedda og Anders­ er bevisste på at dei vil vera mest mogleg anonyme på nettet. Hedda har Snapchat, medan Anders har både Snapchat og Instagram.

- Her har me begge lukka profilar. Det vil seia at det berre er dei me har godkjent som kan sjå bileta me legg ut, seier dei.

Og dei som vert godkjent, er redusert til eit minimum.

- Eg har 24 fylgjarar på Instagram. Men det er berre vener og familie. Mamma vil ikkje at heilt ukjente folk skal få lov til å sjå bileta mine. Og det vil eigentleg ikkje eg heller, seier Anders.

Folk på nettet kan nemleg vera nokon heilt andre enn det dei utgjev seg for å vera.

- Ein som kallar seg for «kul kid 13» kan eigentleg vera ein mann på 57 år, seier Hedda.

Facebook er dei ikkje noko særleg interesserte i å skaffa seg. Det er mest for dei vaksne.

- Mamma og pappa bruker mykje tid på Facebook. Veslebroren min skal eigentleg leggja seg klokka sju, men det vert nesten alltid klokka åtte fordi dei må lesa litt på Facebook fyrst, seier Anders og ler.

EMOJI-TRIKS. Borna har også nokre lure nett-triks på lager. For kva gjer du om du har eit kjempefint bilete som du vil leggja ut, og den eine personen på biletet ikkje sam­tykkjer?

PASSAR PÅ: Både Hedda og Anders har lukka profiler på sosiale medier. - Ikkje la heilt «random» personar fylgja deg, er Hedda sitt råd til born på Instagram eller Snapchat.

- Då kan du til dømes ta ein stor emoji over andletet til den personen, for å sensurera, seier Anders.

Er du ein av dei som snart skal få deg Snapchat, Instagram eller Facebook? Då er det lurast med lukka profil, meiner Hedda og Anders.

- Og tenk på kven du legg til. Ikkje la heilt «random» personar fylgja deg.

IKKJE FACEBOOK: Anders har Instagram og Snapchat, medan Hedda berre har Snapchat. - Me er ikkje så interessert i å skaffa oss Facebook, seier 11-åringane. FOTO: Ingerid Jordal