Klokka 0156 vart det meldt at ein person vart påkjørt av ein grå Volvo i Strandavegen.
Bilen køyrde frå staden utan at føraren av bilen gav seg til kjenne, står det i politiloggen til Hordaland Politidistrikt.
Personen som vart påkøyrd vart køyrd til Voss sjukehus, forslegen og med ein del skrubbsår.
Saka er meld til politiet på Voss.