Politiet med narko-rassia torsdag kveld
Mannskap frå Voss lensmannsdistrikt og hundeførar med narko-hund frå Hordaland politidistrikt deltok i aksjonen.
Både festivalområdet på Vangen og inne i Bømoen vart det gjort søk etter narkotika.
- Til saman var det meldt fem personar for å ha brukt eller hatt på seg amfetamin og eller hasj, fortel politioverbetjent Einar Bystøl i Voss lensmannsdistrikt.
Det var berre små mengder narkotika til eige bruk som vart funnne under rassiaen.
Dei fem personane vert no melde for bruk og/eller oppbevaring av narkotika og vil få bøter, opplyser Bystøl.