VOSS: Det vart litt for kaldt og vått for ei dame som sykla rallarvegen tysdag. I samråd med politiet og HRS tok ho seg inn i ei hytte på vegen og skal etter planen sykla vidare i dag, opplyser politibetjent Gunnar Thrane.
– Me har ikkje fått noko melding om at ho ikkje klarar å koma seg av stad for eiga maskin, seier Thrane.
Politiet fekk tysdag òg melding om lause takplater i Knoltatunnelen. Store køyretøy tok oppi platene.
Entreprenør er varsla om det.
– Det vart også funne dynamitt i ein låve på Voss tysdag. DSB kom til staden og fann ut at det var grøftesprengstoff. Ladninga vart destrurert på plassen, seier Thrane.