Luktar det hestehandel, eller er avtalen mellom Voss kommune, fylket og utbyggjaren den einaste realistiske måten å sikra gang- og sykkelveg langs ein trafikkert bit av Bordalsvegen?
– Eg er i ferd med å verta dritlei heile saka, sa Leif Arne Vangsnes (Frp), då den mangeårige soga om gang- og sykkelveg langs Bordalsvegen
– frå krysset Gamle Bordalsvegen til krysset Brynavegen – kom opp for kommunestyret torsdag kveld.
Tidlegare på dagen hadde formannskapet handsama same saka. Vangsnes gjorde det klart at han og partigruppa er for avtalen, men at han slett ikkje vil forskottera noko når det gjeld mogleg oreigning for å få avtalen i hamn.