...
TOK SI TID: Etter 57 år i den kommunale mølla er avgjerda klar: Her vert ikkje hyttebygging på Hustveit, slik Voss Herad lova i 1955. Den uheldige hyttebyggjaren får i staden 300.000 kr i erstatning.ARKIVFOTO: BRYNHILD STEINE Foto: Brynhild Steine

Sakshandsaminga tok 57 år

VOSS: – Her har me truleg sett norsk rekord i sakshandsaming, fastslo Bjørg Djukastein (Ap) muntert, då formannskapet hadde ei heilt spesiell hyttesak føre sist veke.

Rolf Tepstad E-post
Publisert 03.07.2012 kl 11:42 Oppdatert 03.07.2012 kl 23:21

Tips ein venn på e-post:

– Ei pinleg sak for Voss kommune, var kollega Tove Østlie (Sp) si vurdering. – 57 år har ho teke. No lyt me berre få saka ut or verda.

Hustveit gard

Saka hadde utgangspunkt i eit vedtak frå 1952, då garden Hustveit (gnr/bnr 74/1) vart overført frå David A. Hustveit til Voss Herad (!).

Skøytet hadde då fylgjande påskrift: «Om nokon av dei næraste slektningane mine på farsida skulle ynskja å få ei hyttetuft på garden, skal det vera høve til det, men denne retten skal avgrensast til berre den eine tufti og dei som har tenkt å nytta seg av denne retten må segja ifrå til den nye eigaren innan 10 år.».

Tre år seinare, i 1955, vart retten hevda overfor kommunen. Altså godt innanfor fristen på ti år.

Lang dags ferd

Men deretter skjedde absolutt ingenting. Ikkje før i 1992!

Då vart saka handsama i formannskapsmøte, 10. november ifylgje sakspapira, og fylgjande vedtak vart fatta: «Formannskapet erkjenner at retten til ei hyttetomt er intakt. Rådmannen blir beden om å ta kontakt med rettshavaren».

Ikkje mindre enn to år seinare, i 1994, vart møtet gjennomført. Ynskt plassering av hyttetomta vart avklara, og i tillegg vart teknisk sjef beden om å iverksetja frådeling. Men: deretter gjekk det nye 11 år utan at nokon ting som helst skjedde.

Erstatningskrav

I 2005 kom det så brev til Voss kommune, frå advokat Torgils Bryn, der kravet om frådeling vart fremja på ny.

Voss kommune stadfesta då at retten stod ved lag, men at det var vanskeleg å gje dispensasjon frå gjeldande kommuneplan. Saka vart difor skyvd over i haugen av plansaker som skulle handsamast ved neste rullering av kommuneplanen. Og der fekk ho seg endå ein lang pause.

På nyåret 2011 kom det på ny brev frå advokat, der status på frådelingssaka vart etterlyst.

I mars i fjor vart det så halde møte mellom partane – der konklusjonen var at frådelinga måtte skrinleggjast, men at kommunen sa seg villig til å betala erstatning, om eit krav vart framsett. Kravet kom 16. juni i fjor, og lydde på 300.000 kroner.

Får 300.000,-

– Som ein ser av fakta i saka har kommunen vore lite aktiv for å finna ei løysing, konstaterte sakshandsamar Kjell Stavenes i utgreiinga for formannskapet.

– Det er urimeleg at rettshavar vert skadelidande på grunn av at tiltaket kjem stadig meir i strid med gjeldande regelverk, når dette skuldast kommunal handsamingstid.

– Det må vel også innvendast at heller ikkje han som hadde retten var veldig aktiv i saka, kommenterte Arnfinn Gjerdåker (SV), som også hausta åtgaum då han kunne fortelja at han var med då formannskapet hadde saka oppe i 1992 like eins.

Uansett: framme ved avrøysting gav eit samla formannskap tilslutnad til å yta erstatningssummen som er kravd, for dermed å få saka opp og avgjord.

– Utgiftene vert dekka ved sal av kommunal eigedom, slår vedtaket elles fast.



På forsiden nå


Ras forseinkar togtrafikken

Lokalnytt Passasjerar på Bergensbanen må rekna med forseinkingar og innstillingar etter at eit ras stoggar togtrafikken mellom Finse og Haugastøl. Les meir

Jordras i Vikafjellsvegen

Lokalnytt Ein jordvoll har velta ut i vegen ved Holo, men trafikken kan passera. Les meir

...

Nær 190 sykla 6-vatnrunden

Sport Perfekte tilhøve for turrittet, men ei påkøyrsel la dempar på stemninga. Les meir

...

Til Voss på skåringstokt

Fotball 1.divisjonskampen mellom Fbk Voss og Sarpsborg 08 enda 0-3. Gjestene tok regien gjennom heile 1.omgang, og vossadamene fekk ein tøff kamp i forsvar. Les meir

Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.