...
FALL I ELVA: Helikopter på veg mot det djupe elvegjelet i Rastalia i Raundalen. Mannen skal ha falle i elva nær Meringen, mellom Urdland og Kløve. Foto: Geir Geitle

Elvepadlar sakna i Raundalselva

Leitemannskapa har så langt gjennomført resultatlaust søk etter mannen som er sakna i Raundalselva.

Tips oss: Telefon: 47 47 18 83 E-post: tips@avisa-hordaland.no SMS/MMS: HOTIPS til 2005
Publisert 23.06.2012 kl 20:35 Oppdatert 24.06.2012 kl 12:49

Tips ein venn på e-post:

Elvepadlaren vart teken av den frådande elva, og ført nedover. Redningsmannskapa fryktar at mannen er omkomen.

– Det kokar i elva, kommenterer brannsjef David Skjerven på Voss. To helikopter har søkt tett i elva frå Palmafossen og oppover til brua over mot Meringen.

Det einaste dei har funne så langt, er hjelmen til mannen, noko som neppe er eit opplyftande teikn.

Mannen tilhøyrde eit fylgje på fire personar, som køyrer ein britiskregistert bil. No vert det søkt etter den sakna mannen frå elvebreidda og frå bruene i området.

Store redningsmannskap har rykt ut, både frå Voss og Bergen. Litt over klokka 20 trekte store delar av mannskapa seg ned att til Voss Brannstasjon, der dei ifylgje brannsjef Skjerven etablerer stab.

Det er no sett opp vaktpostar ved alle bruene nedover. Raundalselva er uvanleg store etter mykje snøsmelting siste tida. Siste døgeret har det toppa seg med mykje regn i tillegg. Lokalkjende folk omtalar det som hasardiøst å ferdast i elva under slike forhold. Likevel skal det ha vore stor padleaktivitet i Raundalselva gjennom delar av laurdagen.

Den sakna vart sitjande fast, og i samband med at han prøvde å koma seg laus, vart han teken av straumen.

Mannskap frå Voss Røde kors hjelpkorps har rykt ut frå Palmafossen.

Hordaland kjem tilbake med meir.

...
Leiteaksjon Foto: Geir Geitle
...
Leiteaksjon Raundalselva Foto: Geir Geitle
...
Leiteaksjon Raundalselva Foto: Geir Geitle


På forsiden nå


...

Øver på bilbrann i Vallaviktunnelen

Granvin Fredag føremiddag vert det full brannutrykking til Vallaviktunnelen, frå både Hardanger og Voss. Les meir

Sette seg til motverje – enda i arresten

Voss Ein 24-åring nekta å gje frå seg personalia til politiet. Dermed gjekk turen frå Voss sentrum til Bergen, for overnatting i arresten. Les meir

Villmannskøyring i 50-sone

Voss Vart målt til 100 kilometer i timen på Sundve. No kan sjåføren risikera fengselstraff. Les meir

Ekstrem sommar

...

MMS til 2005, kodeord HOEKS, epost: galleri@avisa-hordaland.no, merk med "Ekstrem sommar".

Sjå bilete

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Trond Syversen
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.