...
DOBBELULUKKE: Ei kvinne (28) vart alvorleg skadd i ei dramatisk bilukke ved Bolstadtunnelen fredag. I samband med redningsaksjonen vart ambulansehelikopteret råka av ein brannbil. Foto: Knut Markhus

Ulukkeshelga

Sundag ettermiddag hamna seks bilar i kollisjon ved Bulken. Med det har tretten bilar og eitt helikopter vore involvert i ulukker på E16 i Voss kommune sidan fredag.

Publisert 01.07.2012 kl 21:18 Oppdatert 02.07.2012 kl 10:57

Tips ein venn på e-post:

Kollisjonen ved Bolstadtunnelen fredag (biletet) var den einaste med alvorleg personskade.

Politiet fekk klokka 17.55 sundag melding om at tre bilar hadde kollidert ved Bulken. Ti munutt seinare kom melding om at tre til var hamna i ein kjedekollisjon i køen bak. To personar vart sende til legesjekk på Voss sjukehus, med lettare skadar. Det oppstod lange køar i begge retningar. No er vegen rydda, og trafikken går fritt igjen.

Fredag

Ei kvinne (28) vart fredag ettermiddag alvorleg skadd ved Bolstadtunnelen. Ho fekk ein bil som vart frakta i tilhengjar i fronten, då denne bilen fall av tilhengjaren. Bilen som drog tilhengjaren hadde i forkant kome borti autovernet.

I samband med denne redningsaksjonen hende eit nytt uhell, då eine brannbilen krasja blålyset borti eitt av rotorblada på ambulansehelikopteret. Det førte til at helikopteret vart ståande i vegbana, til hinder for trafikken, fram til det vart frakta bort klokka 04.15 natt til laurdag.

Laurdag

Litt før klokka 14 laurdag kom ein ung mann frå det utan vesentlege skadar då bilen hans køyrde i fjellveggen utanfor Holemarktunnelen ved Evangervatnet.

I nitida laurdag kveld køyrde ein trailer i grøfta på Kvåle, med ein stupfull sjåfør ved rattet.

Sundag

Sundag var roleg fram til litt etter klokka 17. Då køyrde ein bil av vegen ved Saue camping, og fire personar vart sende til sjukehussjekk, utan at nokon av dei var alvorleg skadde.

Ein knapp time seinare small det altså igjen, mellom seks bilar ved Bulken. Til alt hell vart det igjen berre køyretøya som fekk vesentleg skade.



På forsiden nå


...

Juniorlaget imponerte

Fotball Fbk Voss sitt juniorlag vann 3-1 over Hallingdal laurdag, og går dermed vidare til tredje runde i NM. Les meir

...

Helsesam humor

Kultur Revygjengen i Haugsvik trør til igjen, med nye sprelske påfunn som gjer publikum "hoppande gla". Les meir

17.mai-foto Voss

...

Alle foto: Knut Saglien

Sjå bilete

17. mai-foto

...

Epost:galleri@avisa-hordaland.no, MMS: 2005, kodeord hofoto

Sjå bilete
Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.