... ...
Klikk for å aktivere kartet
+
-

Kilde: Statens Kartverk/Geodata AS

Senteret var ein stad mellom Vaksdal og Norheimsund

Kraftig jordskjelv på vestlandet

Heile hus rista og kjøkendører opna seg av seg sjølv då eit jordskjelv gjorde seg gjeldande i dag tidleg.

Terje Hjartnes E-post
Publisert 02.07.2012 kl 10:36 Oppdatert 02.07.2012 kl 11:32

Tips ein venn på e-post:

Hordaland fekk mandag morgon fleire telefonar frå folk som hadde merka skjelvet godt.

Heile huset rista - dører opna seg

– Heile huset rista, og kjøkendøra opna seg av seg sjølv. Det er skummelt med slike hendingar her som me bur så bratt, så det er godt å høyra at det var jordskjelv og ikkje ras, seier Vibeke Mykkeltveit som bur på Mykkeltveit i Evanger.

Ifylgje avdelingsingeniør ved Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen, Berit Marie Storheim, hadde skjelvet som inntraff klokka 09.03 mandag morgon, ein styrke på 3,0 på Richters skala. Førebelse målingar syner at episenter truleg var ein stad mellom Vaksdal og Norheimsund.

– Etter tilbakemeldingar frå publikum å rekna er det truleg nærare Vaksdal enn Norheimsund, seier Storheim.

– Ikkje daglegdags

At skjelvet merkast kraftig i Vaksdal, vert stadfesta av Bjørn Øivind Krogsrud, som kontakta Hordaland rett etter skjelvet.

– Det rista skikkeleg her, iallfall i eit halvt minutt. Eg lurte på om det var sprengningsarbeid eller jordskjelv og ringte kona mi som jobbar på Dale. Ho stadfesta at det måtte vera jordskjelv, for det hadde rista kraftig i pulten hennar, seier Krogsrud.

Jordskjelv med styrke 3,0 på Richters skala er ifølgje Storheim relativt sterkt i norsk samanheng.

– Men ein kan også forventa sterkare skjelv. Skjelv med denne styrken er ikkje daglegdags, men heller ikkje direkte uvanleg, seier ho.



På forsiden nå


...

Ny smell for herrelaget

Fotball Radøy/Manger – Voss 2-0. Dette var kampen der den leie trenden skulle snuast. I staden gjekk Fbk Voss på nok eit tap. Les meir

Ras seinkar togtrafikken

Lokalnytt Passasjerar på Bergensbanen må rekna med forseinkingar og innstillingar etter at eit ras stoggar togtrafikken mellom Finse og Haugastøl. Les meir

Jordras i Vikafjellsvegen

Lokalnytt Ein jordvoll har velta ut i vegen ved Holo, men trafikken kan passera. Les meir

...

Nær 190 sykla 6-vatnrunden

Sport Perfekte tilhøve for turrittet, men ei påkøyrsel la dempar på stemninga. Les meir

Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.