Kilde: Statens Kartverk/Geodata AS
Eine føraren duppa av då to bilar kolliderte front mot front like etter avkøyrsla til Takvam på E16 mellom Bergen og Voss. Eitt førarkort vart inndrege.
Politiet opplyser at det var ein person i kvar av bilene, høvesvis 27 og 56 år gamle. Ulukka skjedde tysdag ettermiddag.
Den eldste føraren vart køyrd i ambulanse til legevakten for nærare sjekk – men politiet trur han berre var lettare skadd. Den andre føraren var uskadd. Begge bilane måtte tauast bort.– Det vart opplyst at 56-åringen som køyrde austover skal ha duppa av og kome over i motgåande køyrefelt. Førerkortet vart inndrege, opplyser operasjonsleiar Jarle Rønnestad i politiet.