...
KRITISK: Jan Fredrik Fleischer Tønjum ynskjer at både reiselivet og kommunen kjem på banen for å sikra framtidig drift av gondolbane til Hangur. Han er kritisk til måten Voss resort gjer dette på, og er redd ei nedlegging fort kan verta permanent om ikkje finansiering til ny bane er på plass først. Foto: Daniel Melve Kvarme

- Trur ikkje vossingane forstår alvoret

Jan Fredrik Fleischer Tønjum er uroa over planane til Voss resort om å leggja ned Hangursbanen.

Frode Rene
Frode Rene Profil E-post
Publisert 19.06.2012 kl 09:40 Oppdatert 21.06.2012 kl 14:29

Tips ein venn på e-post:

No ynskjer han at både reiselivet og kommunen kjem på banen.

Får Voss resort det som dei vil, kan Hangursbanen verta historie alt frå neste vår, og tomta erstatta av 16 husvære.

– Folk lyt vera klar over at Hangursbanen kan forsvinna for godt. Eg trur ikkje vossingane forstår alvoret i kva som er i ferd med å skje, seier Fleischer Tønjum. Han er svært kritisk til planane Voss resort har med å riva den landskjende banen, før finansiering og godkjende planar om ein ny bane ligg føre.

– Det er ikkje godt nok med planar, her lyt det koma handfaste prosjekt før eit spadetak vert teke, seier Fleischer Tønjum som minner om at det kan vera enklare å få lokale midlar til å rusta opp Hangursbanen framfor å byggja heilt ny.

Fantastiske planar

Men den tidlegare hotelldirektøren er langt frå usamd med Voss resort om å byggja ny gondolbane på Voss, snarare tvert om.

– Planane deira er fantastiske, og eg skjønar at ein lyt fornya seg om ein skal hengja med. Men å riva Hangursbanen som i snart 50 år har vore eit varemerke for Voss, før ein ny gondolbane er finansiert, er ikkje bra. Heile poenget mitt er å sikra at me også for framtida har ein gondolbane – sjølv om det ikkje skulle lata seg gjera å få finansiera ein ny. Riv me Hangursbanen før dette er på plass, er det ingen veg attende, åtvarar Fleischer Tønjum. No ynskjer han at både Voss kommune og reiselivet kjem på banen for å berga det han kallar arvesølvet til vossingane.

– Dersom reiselivet og næringslivet på Voss vil mista banen, er det greitt. Om ikkje, lyt dei koma på banen no, oppmodar Fleischer Tønjum.

– Det kjem ny

Destinasjon Voss er ikkje spesielt uroa over at Voss sitt landemerke er planlagd rive og meiner den gamle lyt vika for å få opp ein ny og betre bane på Voss.

– Slik me forstår det, er Hangursbanen sliten og det vil vera store kostnader om han skal behaldast. Då er det betre å bruka pengane på ein ny bane, seier dagleg leiar i Destinasjon Voss, Anne Grethe Bakke. Ho meiner det er opplagt at ein ny gondolbane lyt koma til Voss.

– Kva om det ikkje kjem på plass finansiering til nokon ny bane og den gamle er riven?

– Finansiering kjem på plass, og det kjem ein ny bane.

– Veit du at finansieringa er på plass eller er det noko du trur?

– Eg reknar med at dei som jobbar med dette veit kva dei driv med, så eg er ikkje uroa for at dei riv Hangursbanen før finansieringa av ein ny bane er på plass. Gondolbanen er ein kjempeviktig attraksjon på Voss, og ein ny bane lyt koma på plass, seier Bakke.

Taus om finansiering

– Me har avtale med Voss kommune om å regulera inn til saman 16 husvære der nedre stasjon står i dag. Dersom det vert vedteke, lyt nedre stasjon bort, fortel Øyvind Wæhle i Voss resort. Men førebels er det ingen konkrete planar om kva tid Voss resort vil stengja eller leggja ned gondolbanen.

Husværa skal vera med å finansiera den nye gondolbanen, og difor lyt den gamle fjernast før det finansielle til ein ny bane er på plass. Om det er gjort forsøk på å skaffa investorar til prosjektet, vil ikkje Wæhle seia noko om.

– Hangursbanen er like viktig for oss som for alle andre vossingar, seier han.

I løpet av hausten vil Voss resort leggja fram planane sine.

– Alt vil skje parallelt med trafikknutepunktet som Voss kommune jobbar med. Våre planar er å byggja ein nedre stasjon der NSB ekspressgods heldt til. Reguleringsplanen vil verta lagt fram i løpet av hausten 2012. Året etter er vona at ein ny trasé til fjells vil verta vedteken. Toppstasjonen på den planlagde banen vil enda opp i nærleiken av der Ekspressheisen i Bavallen kjem opp i dag.

– Om Hangursbanen vert lagt ned, kva vil i så fall skje med dei to vognene?

– Dei skal me ta vare på. Eg kan garantera at dei korkje skal verta spikar eller hamna ut or bygda, seier Wæhle.



På forsiden nå


...

Til Voss på skåringstokt

Fotball 1.divisjonskampen mellom Fbk Voss og Sarpsborg 08 enda 0-3. Gjestene tok regien gjennom heile 1.omgang, og vossadamene fekk ein tøff kamp i forsvar. Les meir

...

Vår og sommar - hand i hand

Biletgalleri 17. mai kom varmen og i pinsen har vår og sommar komme hand i hand. Les meir

17.mai-foto Voss

...

Alle foto: Knut Saglien

Sjå bilete

...

Flaumvatn under nyebrua

Voss Eit flaumstort Vangsvatn har teke tak i byggjeutstyr og materiale under den nye brua på Seim. Les meir

Til Grasrotandelen

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Ingrid Kløve-Graue
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.