...
ALT OK: Ann Margareth Walaker Hutchinson har alt i orden, forklarar ho, til Arild Grimastad Iversen frå sommarpatrulja til LO. På andre arbeidsstader er det forbetringar som må gjerast, for dei unge arbeidstakarane. Foto: Sigrid Seim

På patrulje for sommarvikarane

Sommarpatrulja frå LO avdekkar stadig at ungdom i sommarjobb ikkje får det dei har krav på. Somme gonger må ungdomane snakka usant.

Sigrid Seim E-post
Publisert 17.07.2012 kl 16:30 Oppdatert 18.07.2012 kl 07:13

Tips ein venn på e-post:

Den årlege sommarpatrulja frå LO Hordaland avslutta med innsats på Voss sist veke. Samtidig som Arild Grimastad Iversen og Sonia Pandher hadde kontakt med unge arbeidstakarar på Amfi-senteret, fekk avisa informasjon om at ein ungdom ein annan stad på Voss hadde vorte pålagt av arbeidsgjevaren sin å fortelja at han/ho hadde skriftleg arbeidskontrakt, sjølv om dette ikkje var sant.

Elise Dåvøy, fagleg ungdomssekretær i LO Hordaland, synest det er veldig alvorleg at nokon får arbeidstakarane sine til å lyga om slikt.

Overhøyrer dei unge

– Det hender og at me opplever at arbeidsgjevarane «heng» over ungdomane me snakkar med, som om dei vil høyra kva som vert fortalt. Me er veldig skeptiske til det, for det verkar som om dei er nervøse for det ungdomane vil fortelja. I slike tilfelle håpar me at ungdomane vil kontakta oss i etterkant. Det er òg mogleg å tipsa sommarpatrulja anonymt, legg Dåvøy til.

På Vero Moda på Amfi synest Ann Margareth Walaker Hutchinson at det var grei informasjon ho fekk frå sommarpatrulja.

– Noko av det var nytt for meg, men det meste visste eg om frå før. Her er alt som det skal vera, meiner ho.

Betre resultat

Arild Grimastad Iversen og Sonia Pandher er ei av i alt fire grupper som er i kontakt med arbeidsgjevarar og unge sommarhjelper i ulike bransjar på Voss, denne dagen.

– Me finn litt brot her og der, og mange ungdomar veit ikkje om kva rettar dei har. Men det har òg vore ei forbetring, både hjå arbeidstakarane og hjå arbeidsgjevarane, synest dei å registrera.

Om den skriftlege arbeidskontrakten skulle mangla, kan det ofte ordnast på staden, så sant dagleg leiar ikkje er på ferie. Å oppmoda folk til å organisera seg i arbeidstakarorganisasjonar er også aktuelt.

Mykje er betre

Elise Dåvøy er ansvarleg for sommarpatruljane på andre året, og har sett at ting vert betre.

– I fjor var det brot på regelverket på over halvparten av dei 275 arbeidsplassane me besøkte. I år besøkjer me på ny alle stadene der me avdekka brot, og på stader me har fått tips om – i tillegg til ein del andre så langt me rekk. Så langt har me registrert 28 pst brot i Hordaland, altså ei temmeleg klar forbetring.

Dei fleste problema klarar dei å ordna opp i på staden. Er det verkeleg graverande tilstandar, vert Arbeidstilsynet varsla.

– Det skjer når det er verkeleg ille, eller når me ikkje får sleppa inn. Me har ein slik stad på Voss, der me ikkje får tilgang. Denne arbeidsstaden har me vorte nekta tilgang til to gonger på sommartid og to gonger om vinteren.

Både-òg

Patruljane møter «mykje forskjellig», ifølgje Elise Dåvøy.

– Mange er glade for at me kjem, andre seier dei har skjerpa seg. Og så har me atter andre som ikkje er interessert i å retta seg etter det me forklarar.

Informasjonen dei deler ut orienterer om ungdomane sitt krav på skriftleg arbeidskontrakt, og opplæring. Lønsslipp skal alle ha, og arbeidsgjevar skal trekkja skatt. Reglane for arbeidstid er det også greitt å merka seg, for ungdom under 18 år gjeld t.d. litt andre reglar enn for dei over 18. Retten til overtidsbetaling er også med på lista over viktige emne dei skal informera om.

Halvparten

Sommarpatrulja på Voss avdekka brot på regelverket hjå halvparten av dei 22 kontrollerte verksemdene. Fire av brota galdt manglande arbeidskontrakt, medan to verksemder hadde mangelfulle arbeidskontraktar. Elles var brot på reglane om overtid det mest vanlege, også det med fire brot. To brot galdt pausar. Eitt av brota vart ordna opp i på staden.



På forsiden nå


...

Vossarebellar på Norge rundt

Voss Gjekk du glipp av innslaget med dei unge rockabilly-musikarane i The Vossa Rebels på Vestlansrevyen tysdag, er det ingen grunn til å fortvila. Les meir

...

Millionsprekk

Voss Voss stasjon har vorte 294 millionar kroner dyrare. No har prosjektleiaren i Jernbaneverket fått sparken frå prosjektet. Les meir

Norsk kunst på nett

NPK (NPK-NTB): Norsk kunst tek nye digitale steg når Nasjonalgalleriet opnar dørene for internettbrukarar over heile verda gjennom Googles Art Project.Les meir

Hordaland

Telefon ekspedisjon: 56 53 03 00
Dagleg leiar: Trond Syversen
Papirutgåva: Tysdag, torsdag og laurdag.
Besøksadresse: Evangervegen 32, 5700 Voss
Telefaks ekspedisjonen. 56 53 03 08
Telefaks redaksjonen: 56 53 03 30
Lokalkontor Granvin: 56 52 54 66
Lokalkontor Dale: 56 59 62 01

NASJONALBIBLIOTEKET:

Me gjer merksam på at
denne nettavisa vert samla
inn og lagra av Nasjonalbiblioteket
regelmessig.
Nettavisa vil verta gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking
og dokumentasjon.

Avis-/nett redaksjon:

Redaktør Frode Myhra Gjerald
Epost til Gjerald: fg@avisa-hordaland.no
Prosjekleiar digitale media: Jan-Egil Dyvik
Epost til Dyvik:jed@avisa-hordaland.no
Digital nyhendeansvarleg: Frode Rene
Epost til Rene:fr@avisa-hordaland.no
Epost: redaksjon@avisa-hordaland.no
TIPS: Vakttelefon: 47 47 18 83

ANNONSE, ABONNEMENT, TRYKKERI:

Annonseansvarleg: Arild Rekve
Epost: annonse@avisa-hordaland.no
Abonnementsansvarleg: Jostein Steine
Epost: abonnement@avisa-hordaland.no
Trykkeriansvarleg: Svein Henning Soldal
Epost: svh@avisa-hordaland.no
Tlf. 56 53 03 00

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.