Arne Brunborg hadde sin siste arbeidsdag som Statoil-sjef sundag. Han feira med sjampanje, diesel og litt bensin.
Sundag kveld hadde Arne sin siste dag på jobb. Det han ikkje visste var at både tilsette og tidlegare tilsette hadde planlagt fest for han.
- Det var kjekt. Alle kom med sjampanje og konjakk, så det vart ein triveleg kveld, fortel han og smiler.
Etter 30 år som styrmann på Statoilstasjonen på Vangen overlét Arne Brunborg onsdag roret til sin trufaste medarbeidar gjennom 15 år, Gunvor Turvoll.
- På desse åra har eg selt over 50 millionar liter drivstoff. No skal eg vera heima og raka lauv, måla garasjen og plukka sniglar i hagen. Det har berre vore jobbing heile tida, så no vert det godt med litt ferie, seier Brunborg og legg til at han aldri har hatt meir enn ei veke ferie samanhengjande.
- Eg tykkjer at eg fortener to veker ferie no.
Kva planar Arne har for pensjonstilværet er han ikkje heilt sikker på enno, men han trur ikkje han skal verta arbeidsledig med det første.
- Eg skal i alle fall laga litt middag til kona sidan ho er i full jobb. Det er godt at ein av oss er att i arbeid. Setelboka er tom etter alle desse åra, seier han spøkefullt.
Brunborg har gjennom 30 år på Statoilstasjonen skaffa seg eit stort kundegrunnlag. Då han sundag kveld gjekk av vakt, hadde fleire faste kundar og tidlegare tilsette arrangert fest for han.
Arne tok over dåverande Norol-stasjon i desember 1982 saman med Kåre Hefte. På 90-talet kjøpte Brunborg ut Hefte og vart såleis eineeigar saman med kona Ingunn.
Frå 1. august er det Gunvor Turvoll som skal styra bensinstasjonen.
- Eg har ingen planar om å gjera dei store endringane. Det er ikkje naudsynt når det fungerer så bra som det gjer. Likevel vil det verta ei og anna justering. Turvoll tek over stasjonen saman med sin trulova Baard Inge Vikje.
- Han er på anlegg og jobbar skift. Dermed kan han bidra her i friperiodane sine, fortel Turvoll som legg til at ho gler seg til å koma i gang som ny sjef for statoilstasjonen på Vangen.
- Eg kjenner dei fleste faste kundane her og vonar dei vil halda fram å vera kundar her, sjølv om Arne no har gjeve seg.
Ho beheld arbeidstokken etter Brunborg.